Dette blei ein kul "LOVE&PEACE" kjole, syns eg. Kjøpte dette stoffet hos MG-tyger (både det lilla og det grafittifarga stoffet)Begge stoffa er bomullsjersey. Det lilla stoffet har litt struktur i seg. I går kveld tok eg stoffa fram og bestemte meg for å bruka kjolemønsteret mitt med tredelt front og todelt bakstykke.
Brukte raud ribb i halskant og ermekantar, då eg ikkje fann riktig lilla farga ribb. Syns i grunn det vart vel så fint med raudt, om eg skal seia det sjølv:)
Sydde på ein kant nede på kjolen, då eg syns kjolen blei litt kort ellers. Det gjorde at kjolen fekk meir heilskap, blei meir komplett òg!!
Kjolen passa fint til meg, så denne må eg berre ha sjølv. Er allereie byrja å glede meg til våren og sommaren for dette er ein vårkjole, sjølv om eg sikkert kjem til å bruka den litt før det òg. Den har jo 3/4 lange ermer, som eg er så glad i:)
Hei!
SvarSlettFor en artig kjole! "Bligladkjole!"
Takk for hyggeleg kommentar, Trine:)
Slett