Fann ut at "GO CIRCLE", måtte vera ein fin tittel på denne kjolen, då det er så masse sirklar på skjørtedelen:) I denne kjolen er det mest stoff frå S&S. Ryggstykket er mønstra viskose jersey, frå MG-tyger.
Følte at det måtte vera ein applikasjon på brystet, så eg fann eit vintagestoff som tok oppatt fargane i sirklane på skjørtestoffet (gul,grøn og lilla) og klipte til ein runding, klipte ut ein runding frå skjørtestoffet og sydde oppå den første rundingen. Syns det blei ganske fint, ja:)Eg har brukt klarlilla ribb rundt halskant og ermekanter. Grått og lilla er jo ein flott kombinasjon.
Dersom du får lyst på denne kjolen, så er den til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/
Str. 40/42 Lengde: ca 95 cm
Pris: 775,- + porto
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar