I dag har eg sydd ferdig ein kjole eg fekk bestilling på for nokre veker sidan. Fargeønske var rosa og grått og hovudstoffet skulle vera i velourstoff. Likar best slike "opne" bestillingar, der eg får bruka min kreativitet og skapa ein kjole slik eg vil ha den:) Alle tre stoffa eg har brukt, er frå S&S.Applikerte på 3 hjarte på kjolen.
Her ser du resultatet:) Ho som skulle ha kjolen blei fornøgd og då er eg fornøgd òg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar