Translate

mandag 14. februar 2011

Ny kjole til meg sjølv... igjen:)


Når ein syr kjolar sjølv, så kan ein vel aldri få nok kjolar eller???

Kjolen er sydd i trykt jerseystoff frå MG-tyger. Nedre del av ermene (svart med kvite sirklar) er jerseystoff frå S&S.

Kjolen er sydd av eit mønster frå S&S, men eg har laga den litt annleis på ermene og i halsen. Må jo setja mitt eige preg på det veit du:))

Syns kjolen blei veldig vårleg og kul. Gler meg til å ta den i bruk når det vårast litt meir ute:))
Str 42/44

Bestillingskjole i coboltblå fleece


Fekk ein bestilling på ein coboltblå fleecekjole, som eg har sydd ein liknande av i haust. Eg har som prinsipp å ikkje sy nokon heilt like kjolar, så ein liten vri måtte det bli. Sjølve kjolen er sydd av fleece frå S&S, ermene er sydd av eit fleeceteppe frå JYSK.

Her er resultatet.

Str. 42/44

Pris: 800,-
SOLGT!!

fredag 4. februar 2011

vårkjole...


Ja no er eg snart klar for vår og bare vegar:) No er eg lei av is, snø og slaps:(

Kjem litt i vårstemning når eg sit og syr om kveldane i fargerike stoff.

Her er ein skikkeleg festleg og fargerik kjole, som fint kan brukast no, men då må ein jo ha jakke utanpå:) Til våren og sommaren lyser denne kjolen opp ein eller annan plass, forhåpentlegvis:))

Str 38/40

Pris: 750,-

SOLGT!!

torsdag 3. februar 2011

festleg redesignkjole


Denne kjolen er sydd saman av tre ulike stoff. Hovudfargen er mørk rosa (cerise) velour, frå S&S. Øverste del av ermene er sydd av ein retrokjole, kjøpt på fretex i haust, nedredel av ermene er eit stretch blondestoff frå S&S. Litt applikasjoner her og der:)

Str. 40/42

Pris: 790,-
Ligg til sals på eplabutikken min:


vårskjørt


Kjøpte eit deilig bommullsstoff i grått i går. I kveld var det fram med saksa og symaskinene, og vips så blei det eit skjørt.

Ribb i livet og to lommer på framsida.

Str 38/40

Pris: 490,.

Ligg til sals i eplabutikken


onsdag 2. februar 2011

Redesignkjole i fleece


Denne kjolen er sydd av lilla polarfleece frå S&S, ermene er sydd av stoff frå eit nyyydeleg skjørt, som eg kjøpte hos Zara i København for fleire år sidan. Skjørtet har lenge lagt på loftet med tanke på redesign, og i dag kom det fram og fekk nytt liv som ermer i ein mjuk og god kjole. Str. 42/44, god stretch i fleecen.

Pris: 800,-

VÅRSALG: No 550,-

SOLGT!!

Hjertetunika


I dag har eg sydd tunika i herleg fleece-stoff frå "Stof2000" Tunikaen er utan ermer, så den vil nok bli fin med ein langerme topp inni eller evt. ei t-skjorte inni. Lengde 81 cm

Str 40

Pris: 650,-

SOLGT!!