Translate

mandag 21. februar 2011

"vårsprell"- skjørt


I kveld har eg sydd ferdig eit ordentleg vårskjørt. Friskt i fargen og med artige rundingar som applikasjoner. Bomullsstoff frå S&S.

Str 40

Pris: 490,-


søndag 20. februar 2011

Kult skjørt i kulefargar:)


Det er moro å sy skjørt med ribb i livet, dei er veldig behagelege å ha på, og veldig greie å sy:)

Her er eit skjørt sydd av viskosejersey, frå MG-tyger. Lilla ribb i livet.

Str. 42/44

Pris: 490,- + evt. frakt

Ligg no til sals i eplabutikken min:


lite brukt viskosejerseykjole


Denne kjolen sydde eg til meg sjølv i haust, den er veldig frisk og flott i fargane tykkjer eg. Det er viskosejersey frå Stoff og Stil. Ermene er sydd av bomullsjersey òg frå Stoff og Stil.

Det blir stadig nye kjolar, så eg kan ikkje behalda alt sjølv, difor sel eg av og til nokre kjolar eg har brukt litt òg:)) Til redusert pris, sjølvsagt:)


Str. 42/44

Pris: 450,-
SOLGT!!

lørdag 19. februar 2011

..gla'kjole til gla'dame...:))


Har fått oppmodingar om å sy kjolar i litt større storleikar. Har teke oppfordringen og har no sydd litt kjolar og skjørt i str 44-48.

Håpar nokon blir glade for dette:)

Her er ein kjole sydd av viskosejersey frå MG-tyger.

Str 46+

Stoffet har god stretch, så den vil kanskje passe dersom du brukar str 46/48 òg.

Pris: 750,-
SOLGT!!

onsdag 16. februar 2011

Skjørt til sals...




Har sydd ferdig to nye skjørt i dag.


Det eine er sydd av eit trykt jerseystoff frå mg-tyger. Det andre skjørtet er sydd av eit bomullsstoff med svart trykk.


Jerseyskjørtet er i str 46/48


Det andre skjørtet med runde lommer, er i str 44


Pris: 490,- pr stk


Ligg til sals i eplabutikken




tirsdag 15. februar 2011

"..har du hørt historien om de tre små fisk..."


Kjøpte ein brukt nydeleg raud frottèkjole på finn.no, Den var for liten til meg, så eg fann fort ut at kjolen skulle brukast til redesignkjole.

Eg klipte til bryststykket i dette raude stoffet og fann fram limegrøn stretch velour frå S&S som eg brukte på rygg stykket og skjørtedelen. Ermene er sydd av raud isoli frå S&S. Har kanta halsen og ermene med limegrøn stretch velour. Har òg applikert på litt morsomme kattar og fiskar framme på kjolen. Bak nede på høgre sida står ein enslig katt, kanskje den ventar på ein fisk ???

SOLGT!!
Str. 40/42

Pris:800,-

mandag 14. februar 2011

Ny kjole til meg sjølv... igjen:)


Når ein syr kjolar sjølv, så kan ein vel aldri få nok kjolar eller???

Kjolen er sydd i trykt jerseystoff frå MG-tyger. Nedre del av ermene (svart med kvite sirklar) er jerseystoff frå S&S.

Kjolen er sydd av eit mønster frå S&S, men eg har laga den litt annleis på ermene og i halsen. Må jo setja mitt eige preg på det veit du:))

Syns kjolen blei veldig vårleg og kul. Gler meg til å ta den i bruk når det vårast litt meir ute:))
Str 42/44