Translate

onsdag 30. mars 2011

Kjekt med skjørt:)


Er inne i ein periode der eg har sydd ein del skjørt. Det er så kjekt å sy slike skjørt med ribb i livet:)

Her er to skjørt, eit i "kamo"sweatshirt-kvalitet str L, og eit i blomstrete bomullsstoff frå S&S også str L

Pris: 450,-

Ligg til sals i nettbutikken min:



Redesignskjørt med bilar på tur


Har hatt liggjande ein del gamle dongeribukser, som eg no har teke fram for å laga skjørt av. Her ser du skjørtresultatet av ei bukse + ei retro gardin.

Sydde på ei rosa kroklisse og applikerte på to bilar.

Skjørtet er i str m/l

Pris 520,-

Ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/


 

tirsdag 29. mars 2011

Utprøving av nytt kjolemønster



Har tenkt lenge på at det hadde vore kjekt å laga eit nytt kjolemønster. Det har eg no gjort, og har sydd ein "prøvekjole" i stretchstoff (det fungerar nok best til dette mønsteret) Fram stykket er i 3 deler og ryggen er i 2 deler. Kjem til å variera litt med korleis kjolen skal vera i halsen. No til vår og sommarkjolar, kan det passa best med rundt hals, men til haust og vinter er det kanskje kjekt med "polo/rulle"-hals. Dette blei nok ein str M. Må leggja til litt saumrom når eg skal sy kjole som passar meg i dette mønsteret:) Men det fiksar eg, veit du:) kan variera mønsteret ved å sy med og utan ermer.

Dongerikjole med grøne detaljer





Denne kjolen er ein bestillingskjole til ein kollega. Ho ynskte seg ein kjole i eit "fast" stoff og så skulle det vera ei lomme på og gjerne noko grøne detaljar. Her er resultatet, og kollegaen min blei veldig fornøgd:)

Stoff: stretch dongeri frå S&S og eit tynt "blondestoff" på ermene, òg frå S&S.

Str. M

Pris: 800,-

SOLGT!

fredag 25. mars 2011

Vårskjørt i nytt design:)


Fekk lyst til å gjera om litt på skjørtemønsteret mitt, og har no laga eit nytt mønster, skjørtet er sydd saman av 6 deler. Då er det moglegheiter for litt fleire variasjonar, og skjørtet blir ikkje så"kjedeleg". Har framleis ribb i livet. Skjørtet er sydd av vintagestoff frå ei gardin og eit ubrukt stoff eg fann heime på loftet til mor og far:) Syns dette blei ein artig kombinasjon av fargar og mønster.

Har lagt dette skjørtet ut for sal i nettbutikken min:


Str. L

Pris: 520,- + evt porto

torsdag 24. mars 2011

Huer i fleng....




Har lenge hatt så lyst til å sy nokre kule huer i jerseystoff, som kan vera fine å bruka til vårhuer. Har leita litt rundt på "nettet" for å finna framgongsmåte og mønster. Og no har eg lært ein måte å gjera det på. Teikna opp eit rektangel på ca 45 cm lengde og 23 cm breidde. Klipte av hjørnene, slik at endane blei til ein boge. La mønsteret oppå stoffet og lot eine langsida på mønsteret koma akkurat i stoffbretten. Sydde så i saman, bretta stoffet boge mot boge, klipte spiss gjennom stofflaga(ein liten pizzabit), vrengte lua og sydde saman i toppen (der eg hadde klipt vekk spissen. Uff dette blei kanskje heilt uforståeleg, men i allefall eg fekk det til:) og no er det blitt mange nye huer til liten og stor. Har sydd nokre huer i fleece-stoff òg, det blei litt tjukt, men blir sikkert gode huer til neste vinter;) No vil me ha vår, og jerseyhuer:)

Fancy skjørt til våren:)




Har vore heime eit par dagar med ein svært hostande 6 åring:( Det er ikkje så mykje han orkar anna enn å sjå på barnetv, og då har mor fått sydd litt:)


Har blant anna sydd nokre skjørt, som eg har lagt ut for sal i nettbutikken min. http://randidesign.epla.no/


Var innom Stoff og Stil i Bergen (Salhusvegen, Åsane) for nokre veker sidan, og då "hamstra" eg masse fine stoff. Så no skal det bli masse vår- kjolar og -skjørt framover, håpar eg:)




Grønt skjørt med sirklar, str M


Pris: 450,- + evt frakt   SOLGT!!




Blått og svart skjørt, str L


Pris 490,- + evt frakt