Translate
onsdag 30. april 2014
ORANSJE SOMMARKJOLE MED KRAGE
Denne kjolen blei sydd i dag. Denne gongen har eg prøvd meg på ein ny halsopning. Laga meg ein krage som eg sydde rund halsopninga. Blei ganske fornøgd etter litt prøving og feiling.
Stoffa er vintage bomullsstoff. Ermeopningane er kanta med oransje jersey, frå S&S.
Mønster: Modifisert kjolemønster frå S&S.
No gler eg meg til sommar og sol!!!!!
SOMMARKJOLE MED PRESTEKRAGAR
Denne kjolen sydde eg i helga. Det kjem nok til å bli ein av favorittkjolane mine i sommar.
(berre håpa på godt og varmt ver)
Stoffet er eit vintagestoff med veldig fint fall.
Mønsteret er eit modifisert S&S-kjolemønster.
Redesignbukse
I påsken var eg heime og fekk bl.a med meg litt klede som mi mor ikkje brukar lenger. Eit av plagga eg tok med var ei vinraud cordfløyelsbukse. Det vart nok stoff til å sy ny bukse til minstemann på 9:)
Han likar så godt desse buksene med ribb i i livet og ribb nederst på beina. Ribben i livet er svart courtelle, frå S&S. Ribben på buksebeina er gjenbruksmateriale frå ein limegrønn topp.
Kjekt med gjenbruk:)
Mønster frå boka: Barn igjen
BRUKTKJOLE SALG
Ja det blir ein del kjolar når ein syr sjølv.
Difor har eg litt bruktsalg av mine eigne kjolar innimellom. No har eg ein del kjolar for sal. Her eit eit utval. Berre til å ta kontakt på mail, om du ynskjer å kjøpa noko.
ALLE KJOLANE ER I STR 42/44. Kjolane er brukt lite!
Kjole i lilla og svart utan ermer: 495,- + porto
Kjole i grå stretch chenille og lilla syntetisk glitrande stretch stoff: 575,- + porto SOLGT!!
Dongerikjole med lilla og turkise blomar: 525,- + porto
SOLGT!!
Kjole med mange farger og lang grå og svart alvehette: 475,- + porto
Rosa kjole sydd av stretch cordstoff og lilla og rosa mønstra stretch chenille: 625,- + porto
Grøn og rosa sommarkjole uten ermer: 475,- + porto SOLGT!!
Kjole i grønt med rosa ermekantar: 475,- + porto

mandag 21. april 2014
Fretex-plagg blei til ny kjole:)
På fredag sydde eg denne kjolen. Bryststykket og ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk stretchkjole, frå Fretex. ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein chiffon-topp, òg frå Fretex.
Skjørtedelen er sydd av brun viskosejersey med litt mønster i lilla og rosa og oransje, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.
Kjolen er i str ca 42 (litt smal i livet)
Pris: 849,- + porto
Mønster: mitt eige
Eg har sydd på eit off-white blondeband mellom bryststykket og skjørtedel
Kjolen er lagt ut for sal i epla-butikken min:http://randidesign.epla.no
Fantastisk avslutning på PÅSKEN 2014
I dag fekk heile familien seg ein flott fjelltur til Blåfjell. (ca 1390 m.o.h) Litt slitne då me kom til toppen, men kjekt likevel. Ungane hadde ikkje gått der før, så dette blei ein milepæl for dei.
Lenge sidan eg og mannen min har vore der òg:)
Her ser de litt bilete av den flotte utsikta bl.a kan me sjå heilt inn til Sognefjellet og Jotunheimen i bakgrunn!!
onsdag 9. april 2014
NY PÅSKE-/VÅRKJOLE
Brysstykket er sydd av mønstra viskosejersey, frå Kreativ. Ryggstykket og ermene er sydd av gult og lillamønstra viskosejersey, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av lilla bistretch, frå S&S.
På framsida av skjørtedelen er det applikert på ein stor sommarfugl, og på baksida er det applikert på ein gul sommarfugl.
Str. L (ca 42/44)
Mønster: mitt eige raglankjolemø
nster
Abonner på:
Innlegg (Atom)