Translate

onsdag 14. mai 2014

2 nye sommarkjolar for salg




Desse to kjolane er sydd dei siste dagane. Den i oransje og rosa fargar er stoff frå Rainbow tekstil.
 (str ca 38)   SOLGT!!
Den limegrøne er overdelen sydd av jersey frå Sydilla, skjørtedelen er sydd av limegrøn bistretch, frå S&S. (str ca 42)















Kjolane er sydd av eige mønster og er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no



mandag 12. mai 2014

SOMMARKJOLE I MANGE FARGAR

Var til Oslo førre helg og då var eg innom Rainbow Tekstil (der hadde dei mange fine stoff)
Bl.a kjøpte eg stoffa i denne kjolen der.
Brystykket er sydd av mønstra viskosejersey,  Ryggen og nedre framside er stretch chenille og ermene er sydd av rosa jersey.













Halskant er kanta med rosa jersey. Ermene er kanta med same stoffet som er brukt i bryststykket.

Kjolen er i str L (ca 42)
Lengde: 93 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto




SOLGT!!

onsdag 30. april 2014

ORANSJE SOMMARKJOLE MED KRAGE



Denne kjolen blei sydd i dag. Denne gongen har eg prøvd meg på ein ny halsopning. Laga meg ein krage som eg sydde rund halsopninga. Blei ganske fornøgd etter litt prøving og feiling.

Stoffa er vintage bomullsstoff. Ermeopningane er kanta med oransje jersey, frå S&S.

Mønster: Modifisert kjolemønster frå S&S.

No gler eg meg til sommar og sol!!!!!

SOMMARKJOLE MED PRESTEKRAGAR








Denne kjolen sydde eg i helga. Det kjem nok til å bli ein av favorittkjolane mine i sommar.
(berre håpa på godt og varmt ver)

Stoffet er eit vintagestoff med veldig fint fall.
Mønsteret er eit modifisert S&S-kjolemønster.



Redesignbukse




I påsken var eg heime og fekk bl.a med meg litt klede som mi mor ikkje brukar lenger.  Eit av plagga eg tok med var ei vinraud cordfløyelsbukse. Det vart nok stoff til å sy ny bukse til minstemann på 9:)














Han likar så godt desse buksene med ribb i i livet og ribb nederst på beina. Ribben i livet er svart courtelle, frå S&S. Ribben på buksebeina er gjenbruksmateriale frå ein limegrønn topp.
Kjekt med gjenbruk:)




Mønster frå boka: Barn igjen

BRUKTKJOLE SALG

Ja det blir ein del kjolar når ein syr sjølv.
Difor har eg litt bruktsalg av mine eigne kjolar innimellom. No har eg ein del kjolar for sal. Her eit eit utval. Berre til å ta kontakt på mail, om du ynskjer å kjøpa noko.

ALLE KJOLANE ER I STR 42/44.  Kjolane er brukt lite!


 Kjole i lilla og svart utan ermer:  495,- + porto







Kjole i grå stretch chenille og lilla syntetisk glitrande stretch stoff: 575,- + porto   SOLGT!!



Dongerikjole med lilla og turkise blomar: 525,- + porto
SOLGT!!



Kjole med mange farger og lang grå og svart alvehette:  475,- + porto



Rosa kjole sydd av stretch cordstoff og lilla og rosa mønstra stretch chenille: 625,- + porto



Grøn og rosa  sommarkjole uten ermer: 475,- + porto  SOLGT!!




Kjole i grønt med rosa ermekantar: 475,- + porto

mandag 21. april 2014

Fretex-plagg blei til ny kjole:)

Har vore innom Fretex på Voss i påska. Fann litt av kvart der til redesignprosjekt.
På fredag sydde eg denne kjolen.  Bryststykket og ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk stretchkjole, frå Fretex. ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein chiffon-topp, òg frå Fretex.
















Skjørtedelen er sydd av  brun viskosejersey med litt mønster i lilla og rosa og oransje, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.



Kjolen er i str ca 42 (litt smal i livet)
Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige



 Eg har sydd på eit off-white blondeband mellom bryststykket og skjørtedel

Kjolen er lagt ut for sal i epla-butikken min:http://randidesign.epla.no