


4.desember var eg for aller fyrste gong med på ei julemesse. Eg hadde med meg det eg hadde produsert av kjolar,skjørt, vesker, huer og panneband i løpet av hausten. Forhåpningane om så stort sal hadde eg ikkje, men tykte det var på tide å kanskje få profilert meg litt med tanke på at eg ynskjer å få litt bestillingar på kjolar frå folk i bygda:) Eg fekk mange gode tilbakemeldingar, og eg var ganske fornøgd med salet òg:))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar