Fann fram to ulike litt tjukke stretchstoff, frå S&S og sette i gong. Det viste seg at eg hadde ikkje nok til både eit framstykke og eit bakstykke, så då valgte eg å bruka stoffet til framstykket + eit erme.
Gensaren passa fint og blei passe lang.
I juleferien sydde eg eit skjørt av eit fint mønstra stoff, som truleg er kjøpt ein stad i "austen" (eg har kjøpt stoffet av ei dame, og kjenner ikkje til kor stoffet opprinneleg kjem frå) Stoffet var tynt, så eg brukte eit sportstretchstoff som fòr inni.
Her ser du bilete av både gensaren og skjørtet. Syns gensaren passa fint saman med skjørtet.
Str. 44
Mønster: S&S (men med endringar i halsopninga)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar