Translate

lørdag 22. mars 2014

NY KJOLE M/GLIDELÅS I FRONTEN

Blei inspirert til å sy kjole med lang glidelås framme.  Fann ut det var best å bruka stoff med stretch for at den skulle sitja fint. På fyrste kjolen har eg brukt  mørkeblå stretchdongeri, frå S&S. Eg har teke utg.pkt i eit mønster frå S&S  (23046) men har sjølvsagt endra det ein del med å delt opp ryggstykket og framstykket, lagt på hette o.l.  Hettemønsteret laga eg ved å teikna av hetta på ein hettegansar til sonen min  (måtte laga den litt større sjølvsagt)












Gul glidelås var det einaste eg hadde liggjande i str 70 cm  (den er spretta av ein tunika, kjøpt på Fretex for ei tid tilbake)









Hetta er sydd av eit lilla syntetisk stretchstoff , frå S&S. Fòret er gult og lilla mønstra viskosejersey, òg frå S&S.

Kjolen blei veldig blå syns eg, så då passa det godt med ei lilla ugle på ryggen:) Vintage pynteband på ermene og  skjørtekanten.

Str 42/44
Veldig for nøgd med resultatet:)


 Runde lommer i sidene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar