Translate

torsdag 19. juni 2014

SOMMARBLUSE I BLÅTONER



I dag har eg sydd ferdig ein sommar-bluse. Den er sydd av tre ulike syntetiske stoff. Framstykket er i to delar og øvre del er sydd av eit fast blondestoff, frå Fretex. Nedredelen er sydd av eit blomstrete vintage chiffon stoff. Ryggstykket er sydd av mintgrøn sportstretch-stoff, frå S&S. Halskant og ermekantar er kanta med eit turkis syntetisk stretchstoff, frå S&S.



















Blusen er kanta med ein brei kant nederst (sydd av same stoffet som er brukt på ryggstykket) Blusen har ein romsleg fasong.

Har enno ikkje bestemt om eg skal behalda blusen sjølv, eller om den skal leggjast ut for sal:)

Mønster: mitt eige

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar