Translate

fredag 17. desember 2010

Vottar i ullfilt




Har lenge vore på jakt etter eit mønster til å sy ullvottar. Denne veka teikna eg eit mønster ved å sjå på nokre vottar. Har laga nokre prøvevottar for å prøva ut mønsteret. I fyrste omgong har eg kun laga vaksen storleik, men vil seinare prøva å sy i barnestorleik òg.


I dag er eg heime med sjukt barn, så då har eg sydd litt:)


Her ser du resultatet. Det grøne paret tenkte eg å ha sjølv, men det lilla paret er lagt ut for sal i nettbutikken min:





SOLGT!!


Blir nok sydd fleire av desse:)

torsdag 9. desember 2010

Skjørt i ulike fargar og storleikar




Skjørta er sydd av gjenbruksmateriale, kjøpt på ulike bruktbutikkar og loppemarknader.

Str. M


Pris: 420 kr
SOLGT!!











SOLGT!!





Str. L Pris: 450 kr

"Ooga-booga-kjole"







Denne kjolen er sydd av to ulike stoff. Svart polarfleece frå Stoff og Stil, og eit festleg jerseystoff frå Mg-tyger (trur eg) Ermene er 3/4 lange


Str: M/L

Pris: 750 kr
SOLGT!







Heit og god fleecekjole i lilla og oransje


Denne kjolen er sydd av polar fleece frå Stoff og Stil. Den har fått litt stjerner her og der.


Str. L


Pris:  750,- + porto
 
SOLGT!!

Herleg fleecekjole i svart og oransje


Kjolen er sydd av polar fleece frå Stoff og Stil. Den har eit applikert hjarte på brystet, 2 mindre hjarter bak og eit lite hjart nederst på framsida.


Str L


Pris:
750,-
SOLGT

Huer i mange fargar







Eg hadde sydd opp 40 huer til julemessa, blei kvitt omtrent halvparten. Så det er mange igjen enno, kan du seia:)



Mønsteret trur eg at eg ein gong har teikna av, av ei hue eldstejenta hadde ein gong. Har fått fleire kommentarar på at det liknar på slike huer som dei har på seg i serien ,som går på NRKSuper- "Pakten". Eg har ikkje fulgt med på den serien, så eg har ikkje funne inspirasjonen der:) Men huene er gode å ha på, og dei passar både vaksne og born. Huene er sydd i Polar fleece eller ullfilt, frå Stoff og Stil






Pris: frå 50-75 kr pr. stk

Førjulsmoro i kulturhuset 4.12.10







4.desember var eg for aller fyrste gong med på ei julemesse. Eg hadde med meg det eg hadde produsert av kjolar,skjørt, vesker, huer og panneband i løpet av hausten. Forhåpningane om så stort sal hadde eg ikkje, men tykte det var på tide å kanskje få profilert meg litt med tanke på at eg ynskjer å få litt bestillingar på kjolar frå folk i bygda:) Eg fekk mange gode tilbakemeldingar, og eg var ganske fornøgd med salet òg:))