Translate

lørdag 15. januar 2011

"P U L L - O V E R"- redesigntunika







Kjøpte ein brukt lang gensar på "nettet", som kom i posten i går. Tykte applikasjonane på gensaren var veldig kule, men gensaren var litt kjedeleg elles. Så i dag bestemte eg meg for at denne gensaren skulle få eit nytt liv som redesignprodukt.



Eg fann fram eit kjolemønster og klipte framdel og bakdel av gensaren. Sidan gensaren ikkje var så lang, så blei ikkje dette ein kjole, men meir ein smal tunika. Ermene har eg sydd av eit "zig-zag"-stoff frå S&S. I halskanten har eg sydd på eit raudt kanteband frå S&S. Har brukt overlock-maskina mi til å sy plagget saman.

Str: 40/42
Pris: 400,-
Eg blei ganske fornøgd med resultatet.

Bestillingskjole igjen...







Her er det ei dame som har bestillt svart velourkjole med pinnsvin på. Kjolen er 97 cm lang. Hadde litt dårleg samvit for denne kjolen, då den var bestillt før jul og blei ikkje ferdig før i går kveld. Men no er den altså klar, så no håpar eg berre ho som skal ha den blir fornøgd:)






Str 38

Bestillingskjole


Fekk bestilling på ein velourkjole. Kunden ville ha kjole uten ermer, lengde 80 cm. Eg valgte då ein nydeleg coboltblå farge på velouren og laga applikasjoner av ein topp eg har kjøpt på bruktbutikken i Sogndal.


Str M


Håpar kunden blir nøgd:)

søndag 9. januar 2011

Prøveprosjekt.....kjole m/hette







Har i eit år no tenkt på at det hadde vore moro å prøve å sy kjole med lang alvehette.



I dag fekk eg ei henvending om eg sydde kjoler med hette, så då måtte eg berre prøve det. ENDELEG!



Eg hadde ein kjole i fleece, som eg har kjøpt av ei anna sydame og den var med hette. Eg prøvde å teikna av denne hetta og laga mitt eige mønster. det blei litt klumpete på kanten av hetta, men eg skal gjera nokre små justeringar ved neste forsøk, trur eg vil laga hetta litt spissare og litt lengre og eg trur at eg vil ha ein saum der bretten på hetta skal vera. Kanskje det blir fint med ein overlocksaum?? Eg kjem i allefall til å prøva til igjen, men vil som sagt gjera litt forbetringar/ endringar. Øvelse gjer meister heiter det jo:)



Fargekombinasjonen blei litt feil òg, men den kom seg litt når hjarteapplikasjonen kom på. Fekk litt korkappe evt nissedrakt fornemmelsar:)



Trur ikkje denne kjolen kjem ut for sal, då eg ikkje er heilt fornøgd med resultatet, men kanskje eg tek den i bruk sjølv, den passar i allefall meg, i str.



Str 42/44

torsdag 6. januar 2011

Fleire halsar i fleece







I kveld har eg sydd fleire halsar i fleece, denne gongen i one-size vaksenstorleik. Halsane er kjempemjuke og gode å ha på. Og dei klør ikkje:)






To av halsane blei sydd av fleeceteppe med ulike motiv og ein hals blei sydd i off-white polarfleece, frå stoff og stil. Eg har sydd saumane med overlock maskina mi og det går som ein draum å sy med den:)






Har du lyst på ein fleece-hals er det berre til å ta kontakt, så syr eg gjerne til deg. Elles så ligg dei eg har sydd i kveld, ute for sal i nettbutikken min http://randidesign.epla.no/






Str: One-size



Pris: 75,- pr stk

tirsdag 4. januar 2011

"LOVE & RESPECT"-fleecekjole







I dag har eg sydd årets fyrste fleecekjole. Kjekt å sy igjen:)



I morgon har eg fridagen min, så då håpar eg å få sy litt meir, har bl. a ein kjolebestilling eg burde koma igong med. Men det er jo så kjekt å få ut litt kreativitet.



Så altså i dag har eg sydd kjole i off-white polarfleece, frå Stoff og Stil. Fann eit nydeleg fleeceteppe på KID i dag, som gjorde at eg kom i gong med kjolen. Eg såg føre meg mønstermotiva i teppet, som nydelege applikasjonar på ein fleecekjole. Som tenkt, så gjort. Teppet hadde rosa botnfarge med kvite prikkar, dette brukte eg litt av på kanten av ermene.



Eg blei ganske fornøgd med kjolen. Romantisk, men samstundes litt kul kjole, syns eg:)


Kjolen passar til meg, så eg vil seia et dette er ein L/XL-str.

Pris: 750,-


*SOLGT*

lørdag 1. januar 2011

GODT NYTT ÅR!

Ja då var me inne i eit nytt år. Ynskjer alle mine lesarar eit velsigna godt nytt år!!
Eg gler meg til å byrja å sy litt igjen. Har hatt litt pause frå symaskina no i jula, men no er eg klar igjen. Har kjøpt inn fleire nye stoff som ligg klare og ventar på å bli til kjolar, skjørt, vottar, halsar m.m. Så det er berre til å ta kontakt om du ynskjer å bestilla noko frå RandiSign:))