Translate

lørdag 21. januar 2012

Lilla prikkete katt har satt seg på kjolen min....:)

Hadde så lyst til å sy ein kjole til meg sjølv med dette raud/rosa stoffet. Eg syns raud og lilla er ein kjempefin kombinasjon, så eg valgte å kombinera desse fargane:) Fann eit kattemønster som eg ville bruka som applikasjon på skjørtedelen av kjolen. Eg er eigentleg ingen katte elskar, men på bilete er dei no ganske kule og søte:)
Sydde kjolen i favorittmønsteret mitt for tida, og slik blei altså kjolen. Mønstra viskose jersey, frå S&s på ermene, og lilla stretch chenille med grå prikkar, frå MG-tyger. Det raude stoffet er eit kraftig bomullsstoff, kjøpt på Fretex.
På eine biletet ser det minsteguten min, han ville vera linselus bak kjolen:)

Str. 42/44

onsdag 18. januar 2012

UGLEKJOLE I TURKIS OG LIME



Nok ein bestillingskjole, til ei dame som ønska seg ein kjole i turkis og lime. Ho er glad i ugler, så dersom det gjekk an, så ville dama gjerne ha innslag av ugler på kjolen sin:) Eg fann eit fargerikt uglestoff i polyester og bomull, på JYSK. Dette stoffet har eg brukt på ermekantane og som applikasjonar. Tenkte at eg seinare vil sy sommar-skjørt eller kjole av dette stoffet, då eg har mykje att (5 meter på rullen) med innslag av t.d cerisefarga bomullsstoff.  Har nokre idèar der ja:)
Denne kjolen er sydd av turkis og limefarga stretch chenille frå S&S.  Svart ribb i halskanten, frå S&S. No håpar eg at kunden blir fornøgd:)

Str. ca 46/48
Pris: 800,. + porto

STJERNEDRYSS-KJOLE 2


Eg fekk ein mail før jul, frå ei dame som likte så godt ein kjole eg hadde sydd med stjerner på. Den eg hadde lagt ut for salg var ikkje hennar storleik, så ho lurte på om eg kunne sy ein liknande til ho i hennar storleik. Då svara eg at eg kunne sy ein som likna, men av prinsipp syr eg ikkje to like kjolar:) Her ser du resultatet, så no håpar eg berre at ho som skal ha den blir fornøgd:)   Over delen på kjolen er stjernemønstra stretch jersey og turkis stretch chenille, frå S&S. Skjørtedelen er eit kraftig bomullsstoff, frå JYSK.

Str. Ca 46/48
Pris: 775,- + porto

onsdag 11. januar 2012

Ullkjole til kalde vinterdagar.....



I dag har eg starta på nokre bestillingskjolar, har i allefall klipt dei klare:)  Men eg blei så frista til å prøva å sy ein ullkjole, då eg fann eit beige stoff på loftet, som eg trur er eit gamalt litt tjukt ull jerseystoff. Det var litt små hol i stoffet her og der, så eg hadde ikkje nok til å få ein heil kjole i det stoffet. Men det gjorde i grunnen ikkje noko, kunne fort ha blitt ein litt fargelaus kjole for meg då :)) Eg fann då fram ein rest av cerise ullfilt, frå S&S. Brukte raglankjolemønsteret mitt, som eg er blitt så glad i  og klipte til skjørtedelane og ryggstykket i det beige stoffet. Brukte ullfilten til bryststykket og ermene. For å gjera kjolen litt meir festleg og gøy, så klipte eg til ei remse med stoff frå det flotte brune vintage crimpeline-stoffet mitt, kjøpt på Fretex, og sydde den på nede på skjørtekanten. Eg er jo eigentleg ikkje glad i brunt, men når det blir så langt nede på kjolen syns eg det gjekk an:). Brukte òg dette stoffet til å laga litt applikasjonar rundt omkring på kjolen. Kjolen har fått eit hjarte på framsida og nokre sirklar på baksida. Hjarta heng i ei grøn kroklisse, som har hatt eit liv tidlegare på eit skjørt frå H&M.  Gjenbruk er alltid kjekt:)

Halskanten har fått ein svart ribb, frå S&S
Syns det mangla noko på bryststykket, så eg sydde på ein stor lyserosa knapp med ein rosa roseknapp oppå. Syns det blei nesten som eit fint smykke.


Den er varm og god å ha på.


Str. 42/44

SOLGT!!
Fekk sydd inn eit par kjolar òg i dag til ein kunde som ynskte å kjøpa to kjolar frå meg, som i utgangspunktet var litt for store til henne. No får me tru dei passar. Dei får eg få avgårde i posten på fredag.
Som de skjønar eg har nytta nok ein fridag til å kosa meg framføre symaskina:)

lørdag 7. januar 2012

Redesignkjole er alltid spanande....

 

Her er den siste kjolen eg har sydd. Redesignkjole i grått. Utgangspunktet var ein bluse, som eg kjøpte på ein bruktbutikk for nokre månader sidan. Eg klipte av ermene og nedre del av "bolen" på blusen. Laga så til nye ermer i eit grått syntetisk stretchstoff, frå S&S. Klipte så til eit midtstykke, som skulle gå over bysten og enda rett under bysten. Klipte så til skjørtedelen av kjolen, i eit grått "denimlook"-stretchstoff, frå S&S.
Syns kjolen blei litt kjedeleg i fargane, så eg fann ut at eg ville pynta kjolen med litt raude detaljar. Klipte ut sirklar i raudt stoff med kvite prikkar, frå ein avlagt bluse, i ulike storleikar. Laga ein stor sirkel på framsida av kjolen og laga ein mindre sirkel i same stoffet som blusen i overdelen. sydde den minste sirkelen oppå den store, og avslutta med ein raud knapp. No blei eg meir fornøgd med kjolen, når den fekk litt meir farge:)
Kjolen sat i grunn heilt perfekt på meg,  så denne kjolen blir min:)

"BLÅTT ER FLOTT"-kjole

 


I dag har eg sydd ferdig  dei to siste kjolane som eg klipte klar på onsdag. Dette er ein av dei.
Kjolen er sydd av ulikt materiale. Bl.a har eg brukt stoff frå ein herleg lysblå "crimpelin"-kjole frå 70-talet, som mora mi ein gong har sydd. Ermene er sydd av  eit tynt og fint syntetisk vintagestoff med kult trykk. Skjørtedelen er sydd av mørk blå chambray, frå S&S. Har pynta kjolen med litt applikasjonar. Brukte då same stoffet som på ermene. Ville ha ein litt laus og ledig hals, så eg brukte eit mjukt og deileg viskosestoff, frå S&S og klipte til ein hals. Denne skal liggja litt"tilfeldig" når kjolen er på.

Str.  ca M/L  (40/42)
Mønster: mitt eige raglankjole-mønster
Pris: 775,- + evt porto
Kjolen ligg til salgs i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/

torsdag 5. januar 2012

ÅRETS FØRSTE KJOLE FRÅ MEG:)



I dag var den første fridagen min i 2012!! Og eg gledde meg til å ta fram symaskiner og stoff igjen:)
Når ungane hadde reist på skulen, så gjekk eg opp på loftet for å leita fram ulike stoff til å sy kjolar av. Eg måtte leita, tenkja og fundera litt før eg kom i gang. Men etter eit par timar hadde eg klipt ut 4 kjolar. I løpet av dagen/kvelden har eg sydd ferdig 2. Den eine kjolen trur eg at eg skal ha sjølv, men den andre er komt ut for salg i nettbutikken min på Epla.  http://randidesign.epla.no/

Her ser du bilete av salgskjolen.
Str. M/L (40/42)
Pris: 745,- + evt. porto    
Kjolen er redesign, då det er brukt gjenbruksmateriale både på ryggstykket og ermene. Skjørtedelen er mosegrøn dongeriliknande stretch stoff, kjøpt på Fretex.
Mønster: mitt eige raglankjole mønster

SOLGT!!!!