Translate

tirsdag 24. juni 2014

NY SOLHATT TIL FERIEN














Måtte berre sy ein solhatt av dette kule stoffet, kjøpt hos min lokale stoffbutikk her i bygda.
Stoffet er litt tjukt og er vel kanskje eit slags interiørstoff til putetrekk osv. Men eg har brukt det i ein kjole (som eg skal blogga om seinare) og til denne hatten.

Funka fint!!!

Mønster: mitt eige

"BIG-SHOPPER"/STRANDVESKE


Har sydd eit par slike vesker  i det siste. Mønsteret er frå S&S. Veldig kjekke å sy, og rommar mykje. Eg tenkte å bruka dei til handleveske og denne som du ser her i innlegget tenkte eg til strandveske:)










Stoffet i denne veska er eit kraftig stoff, kjøpt hos min lokale stoffbutikk her i bygda:)  Fòret eg har brukt i veska er eit stoff eg har fått av ein kollega.

Kjekt å sy nye ting:)

torsdag 19. juni 2014

SOMMARKJOLE UTAN ERMER




Denne kjolen sydde eg i helga. Den er sydd av turkis/lilla/grøn mønstra isoli (kjøpt privat, veit ikkje kven som er forhandlar)
Øverste del av ryggstykket har fått eit innslag av svart blonde, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.















Modifisert mønster frå S&S.

Veldig behageleg kjole til late sommardagar:)  Kjolen er sydd til meg:)

Str ca 42/44

SOMMARBLUSE I BLÅTONER



I dag har eg sydd ferdig ein sommar-bluse. Den er sydd av tre ulike syntetiske stoff. Framstykket er i to delar og øvre del er sydd av eit fast blondestoff, frå Fretex. Nedredelen er sydd av eit blomstrete vintage chiffon stoff. Ryggstykket er sydd av mintgrøn sportstretch-stoff, frå S&S. Halskant og ermekantar er kanta med eit turkis syntetisk stretchstoff, frå S&S.



















Blusen er kanta med ein brei kant nederst (sydd av same stoffet som er brukt på ryggstykket) Blusen har ein romsleg fasong.

Har enno ikkje bestemt om eg skal behalda blusen sjølv, eller om den skal leggjast ut for sal:)

Mønster: mitt eige

onsdag 11. juni 2014

SOMMARHATTAR

I dag har eg lagt ut 5 sommarhattar for salg i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no


Alle passar til meg og eg har hovudomkrins på 57 cm:)

Kjekt med litt fargerike hattar og godt å ha på hovudet på varme sommardagar.

Eg har laga mønster etter ein sommarhatt eg hadde i barndomen.


PRIS: 149,- + porto


















onsdag 14. mai 2014

2 nye sommarkjolar for salg




Desse to kjolane er sydd dei siste dagane. Den i oransje og rosa fargar er stoff frå Rainbow tekstil.
 (str ca 38)   SOLGT!!
Den limegrøne er overdelen sydd av jersey frå Sydilla, skjørtedelen er sydd av limegrøn bistretch, frå S&S. (str ca 42)















Kjolane er sydd av eige mønster og er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no



mandag 12. mai 2014

SOMMARKJOLE I MANGE FARGAR

Var til Oslo førre helg og då var eg innom Rainbow Tekstil (der hadde dei mange fine stoff)
Bl.a kjøpte eg stoffa i denne kjolen der.
Brystykket er sydd av mønstra viskosejersey,  Ryggen og nedre framside er stretch chenille og ermene er sydd av rosa jersey.













Halskant er kanta med rosa jersey. Ermene er kanta med same stoffet som er brukt i bryststykket.

Kjolen er i str L (ca 42)
Lengde: 93 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto




SOLGT!!