Translate

onsdag 27. februar 2013

BRUKTKJOLE-SALG


I dag har eg hatt ein liten opprydning og funne ut at det er litt trangt i skapet med alle kjolane mine no, så  i dag blir det eit lite BRUKTKJOLE-SALG. 
Dersom du finn noko du likar og har lyst på, så er det berre til å senda ein mail.

Jadegrøn og lilla kjole
Str. 42/44
Pris: 625,- + porto  (Brukt 1 gong)

 Kjole i svart med rosa prikkar på ryggen
Str. 42/44
Pris: 450,- + porto (brukt nokre gonger)

SOLGT!!



 Burgunder og kvit fleecekjole med alvehette
Str.42/44
Pris: 450,- + porto (brukt få gonger)


 Kjole med knall oransje blomar
Str. 42/44
Pris: 495,- + porto (brukt 2-3 gonger)
Rosa kjole med svarte prikkar i satengstoff
Str. 42/44
Pris: 595,- + porto (brukt 2 gonger)

SOLGT!!



Kjole i grått og blått
Str. 42/44
Pris: 295,- + porto (brukt nokre gonger)

SOLGT!!


Ta gjerne kontakt pr mail, om du finn ein kjole her som du har lyst på:)

KJOLE MED LEOPARDPRINT OG PRIKKAR



















Då blei det ferdig ein ny kjole frå meg:)
Denne hadde eg tenkt å behalda sjølv, men ja, det har blitt ein del nye kjolar til meg sjølv i det siste, så denne er no lagt ut for sal i epla butikken min http://randidesign.epla.no




Den er sydd av ulike stoff. Bryststykket og ryggstykket er sydd av lilla stretch chenille med gråe prikkar, frå MG-tyger.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk topp, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er sydd av eit syntetisk leopardprint-stoff, frå S&S. Dette stoffet er litt tynt, så eg har fòra skjørtedelen med eit svart stretchfòr, frå S&S.

Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.

Str. L (42/44)
Lengde: ca 98 cm

Pris: 825,- + porto

Mønster: mitt eige

fredag 22. februar 2013

REDESIGNKJOLE I SVART MED FARGERIKE STREKAR

Her er endå ein redesignkjole som blei ferdig i kveld. Syns fargane i den overdelen berre er heilt fantastisk. Kjolen er sydd av overdelen på ein flott syntetisk vintagekjole, kjøpt på Fretex.
Har brukt stoff frå nedredelen av kjolen til å sy ein annan kjole (den har eg blogga om for nokre dagar sidan).
Skjørtedelen på denne kjolen er sydd av svart courtelle, frå S&S.















For at kjolen ikkje skulle bli for svart, så har eg applikert på ei stjerne på høgre farmside av skjørtedelen. kjolen har lange trompetermer og glidelås bak på ryggen. Syns kjolen blei topp eg;)

Dersom du får lyst på denne kjolen, så kan den kjøpast i eplabutikken min: http://randidesign.epla.no

Str. M (ca 40/42)
Lengde: ca 96 cm

Pris: 795,- + porto




STILFULL REDESIGNKJOLE

 Denne kjolen syns eg blei stilig og elegant. Var ei  stund bestemt på å ha nokre applikasjonar på skjørtedelen, men valgte og ikkje  ha det. Ville at kjolen skulle få vera litt "enkel" i stilen.  Overdelen er deler av ein off-white bluse med små svarte kryss. Ermene er sydd av svart fast blondestoff, frå S&S. Midtstykket er gjenbruksmateriale frå ein glansande syntetisk stretchkjole, kjøpt på salg med tanke på redesign. Skjørtedelen er sydd av eit plommelilla polyesterstoff, frå S&S.











Kjolen er lagt ut for salg i eplabutikken min  http://randidesign.epla.no

Str. M (ca 40/42)
Lengde: ca 98 cm

Pris: 795,- + porto

KJOLE I BRUNT OG LIMEGRØNT



Har sydd ein kjole i str S i kveld.  Dessverre var kjolen for liten for sømbysten min, så eg syns ikkje bileta blei så bra. Kjolen er nemleg mykje finare i verkelegheita enn det som kjem fram på bileta. Det er vel ofte slik:)













Kjolen er sydd av ulike stoff i brunt og grønt og beige.

Str. S (36/38)
Pris: 849,- + porto

onsdag 20. februar 2013

2 nye skjørt i kveld


I kveld har eg sydd 2 nye skjørt, som er lagt ut for sal i eplabutikken min.
http://randidesign.epla.no
 Skjørta er sydd av stoff kjøpt på JYSK.

Begge skjørta er i str L
Lengde: 57 cm

Pris: 390,- pr stk

tirsdag 19. februar 2013

sløyfer i håret

Dottera mi har funne oppskrift på korleis laga sløyfer til håret. Her ser du nokre av dei ho har laga:)


Sløyfene blei veldig fine syns eg.