Då blei det ferdig ein ny kjole frå meg:)
Denne hadde eg tenkt å behalda sjølv, men ja, det har blitt ein del nye kjolar til meg sjølv i det siste, så denne er no lagt ut for sal i epla butikken min http://randidesign.epla.no
Den er sydd av ulike stoff. Bryststykket og ryggstykket er sydd av lilla stretch chenille med gråe prikkar, frå MG-tyger.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk topp, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er sydd av eit syntetisk leopardprint-stoff, frå S&S. Dette stoffet er litt tynt, så eg har fòra skjørtedelen med eit svart stretchfòr, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.
Str. L (42/44)
Pris: 825,- + porto
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar