Denne kjolen blei til i går. Eg var innom JYSK i går og då fann eg eit fantastisk flott bomullssateng sengesett på salg. Eg kjøpte det med tanke på å sy kjole av det. For at det ikkje skulle bli for mykje mønster, så brukte eg litt mørk blå stretch denim, frå S&S. Ermene er sydd av eit blondestoff, frå Jofotex.
Halskant og ermekantar, er kanta med brunoransje ribb, frå S&S.
Skjørtekanten er kanta med ein lysbeige blondekant, frå S&S. Kjolen er sydd av eit kjolemønster frå S&S, som eg har sydd fleire kjolar til meg sjølv av i det siste.
Men eg har sydd kjolen litt inn i ryggen og laga ermene lengre, og laga halskanten vidare enn i det opprinnelege mønsteret.
Måtte sjekka korleis stoffet oppførte seg når det blei vaska, så eg heiv kjolen i vaskemaskina med ein gong den var ferdigsydd. Kjolen er vaska og tørka no, og stoffet var like fint etter vask. Så no har eg klipt til ein ny kjole i eit av mine eigne mønster,der skjørtedelen blir i dette bomullssatengstoffet.
Den kjolen blir i str 42/44 og skal leggjast ut for sal:) Reknar med å få sydd litt neste veke, då eg skal ha vinterferie:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar