Translate

torsdag 14. februar 2013

Mobilvesker

I går sydde eg opp litt mobilvesker i ein modell eg fann hos bloggaren Timotei. Der hadde ho lagt ut ein veldig grei tutorial på mobiletui.
Eg sydde fyrst eitt, men syns det blei litt for langt til min mobil, så eg lagde eit nytt mønster som var
2 cm kortare på lengden.  Då blei det meir passe syns eg. Her er nokre av veskene eg sydde i går.





Dottera mi på 12, likte godt Mickey Mus veska, så den fekk ho:) Eg har teke i bruk det blå med neongrøn og rosa:)
Desse mobilveskene er greie å laga og fine å ha på lur som vennegåver.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar