Translate

onsdag 6. februar 2013

Bestillingskjole i ny modell



Her kjem eit lite innlegg om ein bestillingskjole som eg har sydd ferdig i dag. I romjula hadde eg besøk av to unge damer som ville bestilla seg kvar sin kjole. Begge ville ha kjole i svart blondestoff. Den eine kjolen er ferdig og eg har blogga om den før.  Men denne kjolen her måtte eg jobba litt meir med avdi denne dama ynskte seg ein kjole med "hjarteform" over bysten, og tynne stropper. Slike kjolar har eg aldri sydd,  og ikkje hadde eg noko mønster heller. Eg gjekk lenge og grubla korleis eg skulle få til dette. Men for nokre veker sidan var eg i Bergen, og då fann eg plutseleg ein blondetopp med eit fòr inni, som hadde akkurat ein slik form som kjolen kunden ønska seg. Så eg kjøpte den og klipte ut fòret i blondetoppen og brukte den som mønster for overdelen til kjolen eg skulle sy.




Til underdelen av kjolen har eg brukt skjørtedelen av raglankjole-mønsteret mitt og tilpassa måla.
Overdelen av kjolen er sydd av svart courtelle, frå S&S. Den er sydd dobbel, slik at den skulle bli litt stødig.
Underdelen er sydd av turkis ribb og svart blondestoff, frå S&S.
Stroppene er svart strikk som er gummiert på baksida, kjøpt på min lokale sybutikk.

Ho som skal ha kjolen var innom i dag, for å prøva kjolen, det viste seg at den var litt for vid i livet. Men no er kjolen sydd inn, og i overgangen mellom bryststykket og skjørtedelen er det no sydd på eit svart satengband (ca 4 cm breidt) Bandet er kun festa på framsida av kjolen og skal festast bak med to små trykkknappar. Så no håpar eg kjolen passar og at kunden blir fornøgd. Kjekt med litt nye utfordringar:)


På biletet er ikkje stroppane festa bak, ville nemleg tilpassa stroppane når kjolen sat på ho som skulle ha den.


Str. ca 38/40
Pris: 750,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar