Translate

torsdag 21. mars 2013

"PEACE&LOVE"-kjole

Dette er ein knallgrøn kjole med grafittimønstra overdel. Ryggstykket og bryststykket er sydd av eit viskosejerseyliknade stoff, frå MG-tyger. Ermene er sydd av eit grønt sportstretchstoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit grønt vintage bomullsstoff med kvite hjarte. Halskant  og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S. Kjolen har fått 3/4 lange ermer. Dette er ein fin vår og sommarkjole, men kan fint brukast heile året.




















Str. L (ca 42)
Lengde: 97 cm

Pris: 825,- + porto


SOLGT!!


KJOLE i ROSA OG BRUNT

Denne kjolen blei ferdig i kveld. Kjolen har litt retropreg, då skjørtedelen er sydd av eit brunt "crimpelin"-liknande vintagestoff, kjøpt på Fretex. No er det berre ein liten bit igjen av dette stoffet. Har sydd 3-4 kjolar med dette stoffet før.

For å få kjolen litt meir fargerik, så valgte eg å bruke eit viskosejerseystoff med litt rosa mønster, i overdelen. Ryggstykket er leopardprint viskosejersey frå ein avlagt kjole.

















Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. L (ca str. 42)
Lengde: 95 cm



Pris: 825,- + porto

tirsdag 19. mars 2013

Redesignkjole i glade friske fargar




 




Denne kjolen er sydd av bl.a  gjenbruksmateriale frå ein fantastisk fargerik vintagekjole, frå 70 -talet. Kjolen blei kjøpt på Fretex. Bryststykket og ryggstykketer sydd av eit raudt og oransje jerseystoff, frå Cetho. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein kul syntetisk mønstra stretchtopp, frå Fretex.
halskant er kanta med grøn ribb, frå S&S. Ermene er kanta med same stoffet som er brukt i overdelen.
Syns kjolen blei kul, om eg skal seie det sjølv:)
Denne skal bli min.

Str. L (42/44)





Mønster: mitt eige

mandag 18. mars 2013

"ROSA BLOMAR OG DYREPRINT"-kjole




Denne kjolen blei sydd i går kveld. To av stoffa i kjolen er gjenbruksmateriale frå to kjolar kjøpt på Fretex.
Det rosa stoffet som er brukt på ermene er nytt jersey stoff, frå S&S.
Syns det lilla stoffet er nyyyydeleg i fargane og i mønsteret. 
Dette er ein tøff og kul kjole, som fint  kan brukast både til kvardag og fest:)












Str. XL (ca str 44/46) God stretch i alle stoffa, så kanskje den passar ein liten str 48 òg:)

Pris: 825,- + porto



Mønster: mitt eige

onsdag 13. mars 2013

BESTILLINGSKJOLE

Denne kjolen blei ferdig i dag. Det er ein bestillingskjole til ei dame som er glad i fargar.
Eg fekk bestemma både fargar  og utforming (slike bestillingar kan eg lika) Eg valgte å bruka raglankjolemønsteret mitt. Ryggstykket og bryststykket er sydd av eit mønstra fargerikt stretchstoff, frå S&S. Ermene er sydd av burgunderraudt sportstretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig beige stoff med blad i limegrønt, brunt og svart.  Stoffet er kjøpt på JYSK.










Halskanten er kanta med eit blått glitrande gjenbruksstoff, frå ein topp, kjøpt på  Fretex.
Ermekantane er kanta med limegrøn ribb, frå S&S.

Kunden blei fornøgd og då er eg fornøgd òg:)






Str. XL (44/46)
Pris: 825,-



Mønster: mitt eige

KJOLE I RAUDT OG SVART



Denne kjolen er sydd av mjuke stretch stoff. Bryststykket og ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein viskose jersey topp, kjøpt på Fretex. Ermene er sydd av raud stretch chenille, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av svart courtelle (tjukt stretchstoff) frå  S&S.




Kjolen har pynta seg med litt runde applikasjoner på skjørtedelen og på skjørtekanten er det sydd på eit raudt pompong band, frå S&S.












Ermekantar er kanta med same stoff som i overdelen.
Halskant er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.


Str. XL (44/46)
Lengde: 98 cm

Pris: 849,- + porto

søndag 10. mars 2013

KJOLE I GRØNT OG TURKIS



Denne kjolen blei ferdig no i kveld. Den er sydd av ulike stoff i fargane turkis, beige og grønt.  Bryststykket er mønstra viskosejersey, frå MG-tyger. Ryggstykket er turkis stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eplegrønt jerseystoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit lerret-liknande mønstra stoff. Ermekantar, halskant og skjørtekant, er kanta med turkis ribb, frå S&S.







Kjolen er i herlege fargar og passar fint som vår og sommarkjole, vil eg tru:)

Då sømbysten min blei litt for stor for denne kjolen, så fekk dottera mi prøva seg som modell. Kjolen er sjølvsagt litt stor til ho, men eit visst inntrykk får ein likevel av kjolen. Finare enn at den er på ein kleshenger.

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. M (ca 38/40)

Pris: 825,- + porto