

Eg hadde liggjande ein rest av brunt velourstoff, som eg tenkte eg kunne laga ei bukse av. Som tenkt så gjort. I går på fridagen min tok eg fram symaskina mi og sydde bukse. Brukte same mønster som eg har brukt i det siste, men laga litt smalare ribb i livet, så buksa ikkje blei fullt så si i skrittet. Laga lommer av eit fargerikt jerseystoff, då blei buksa litt friskare med ein gong. (brun er jo ikkje min favorittfarge, då). Str 104 år. Ruben-Aron blei godt fornøgd då han prøvde buksa. No er det nok gutebukser til min eigen son. Men kanskje eg syr nokre fleire for sal. Time will show:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar