Kjøpte eit vintageskjørt på Epla.no for nokre dagar sidan, med tanke på redesign. Syns det var så fint i fargane. I dag kom eg over eit 70 % salg på senteret i Sogndal, og kjøpte med meg to toppar som eg ville bruka i lag med dette skjørtet eg hadde kjøpt. Her ser du bileta av det som var utgangspunktet for den nye kjolen.
Eg klipte vekk ermene på gensaren med teksten "bubblegum" , og laga nye av ein ny gensar eg hadde liggjande. Klipte opp den korterma toppen og laga ermekantar og hals. Klipte så til skjørtet i passe storleik, og sydde alt saman. Her ser du resultatet. Denne kjolen blei i ca str 42.
Pris: 490,- + porto
SOLGT!!
Pris: 490,- + porto
SOLGT!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar