Translate

søndag 20. mars 2011

Nydeleg jerseykjole:)


No er det ei stund sidan eg har sydd kjole, då eg har vore litt oppteken med bursdagsfeiring:) Men i kveld har eg sydd ein deileg kjole i bomulls jerseystoff frå S&S. Eg er ikkje så glad i brunt, men dette stoffet tykte eg var nydeleg i fargane med gull og svart som trykkfarge på brun/beige botnfarge. Har sydd nokre kjolar med litt stor rullehals og det tykkjer eg blir veldig fint, når stoffet er i eit syntetisk materiale. Då legg halsen seg fint uansett:) Ermene er inntilsitjande, i same stoff som halsen.

Håpar det er nokon der ute, som får lyst på denne kjolen:)

Str: ca 44/46

Pris: 790,-

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar