Translate

tirsdag 1. april 2014

SKJØRT MED STORE LOMMER



Skjørtet er sydd av eit grått dongeriliknande stoff, frå S&S. På framsida er det sydd på to store lommer, som er fòra med eit turkismønstra bomullsstoff. Svarte knappar til pynt på kvar lomme.
Skjørtekanten er kanta med eit sjøgrønt syntetisk vintagestoff.








Den smale linningen er sydd av same stoffet.
Det er ein lyserosa glidelås bak. Ser at eg vil sy på hekter i linningen over glidelåsen. (det får eg fiksa ein annan dag:)









Skulle eigentleg ha dette skjørtet sjølv, men har laga mønsteret litt for lite. Må plussa på nokre cm her og der når eg skal sy eit nytt skjørt:)

Str. M (ca str 40)
Mønster: mitt eige
Pris: 450,- + porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar