Eg har no hatt 2 fridagar etter kvarandre (avspasserer i dag) og i morgon tek eg sommarferie!!! Det blir bra:)
I går starta eg på ein kjole, som eg tenkte niesa mi på 3,5 år skulle få. Mora seier ho har nok kjolar, men sommarkjolar får ein ikkje nok av, meiner eg:) Fann fram gardinene som eg og systra mi hadde på barnerommet på slutten av 70-talet. Dei er berre sååååå søte, og like fine i fargane. Litt store mønster, så eg måtte "sløsa" litt med stoffet for å få motivet eg ville bruka, midt på kjolen. Det blei ein singoallakjole, der eg brukte eit anna retrostoff til ermer.
No får me berre håpa på mange fine sommardager, slik at kjolen kan bli brukt med bare bein.
Str ca 4 år (mønsteret eg brukte var str 92,så la eg til litt på breidda og lengda)
Translate
torsdag 16. juni 2011
lørdag 4. juni 2011
"Gulpeskjerf"
Fann mønster til gulpeskjerf i boka "Made by Me", og sidan eg blei tante til ein liten gut i november, så fann eg ut at dette kunne vera noko å sy til han. Mora ville gjerne ha nokre slike skjerf, så i går sydde eg opp 3 stk gulpeskjerf. Brukte ulike interlock-stoff og jerseystoff, som eg hadde liggjande. Det er ikkje mykje stoff som skal til for å sy nokre slike skjerf. Til baksidestoff brukte eg eit frottèstoff, med god oppsugingsevne:) Slo i trykk-knappar til å festa skjerfa rundt halsen. Så no kan nevøen min berre "sikla" i veg:))
Mønsteret er henta frå bloggaren
http://www.hobbykrok.blogspot.com/
Mønsteret er henta frå bloggaren
http://www.hobbykrok.blogspot.com/
"Blomar i sirklar"-kjole
Kjolen er sydd av det same stoffet som eg sydde skjørt av. Baksida på kjolen er sydd av eit nydeleg vintagestoff i rødt,rosa og orange fargar. Ermene er sydd av eit slags hekla stoff frå S&S.
Nok ein kjole etter "klinkekult" mønsteret frå http://klinkekult.blogspot.com/
SOLGT!!
Fargerikt sommarskjørt
Dette skjørtet er sydd av eit fargerikt bomullsstoff frå IKEA, kjøpt på Fretex. Har litt å ta av, då eg sikkert kjøpte 5-6 meter av dette stoffet, for ein "slikk og ingenting". Baksida på skjørtet har fått det nyyyydelege limegrøne bomullsstoffet, som eg har sydd både kjole og bluse av tidlegare (har endå nokre meter igjen av dette stoffet). Skjørtet er sydd dobbelt, så det er eit tynt bomullsstoff som fòr inni. Grøn kant med blåe prikkar nederst. Rød ribb i livet.
"Orange sommardraum"
Her er endå ein kjole i det flotte "klinkekule" kjolemønsteret frå boka "Made by Me" http://klinkekult.blogspot.com/
Denne gongen har eg brukt eit herleg retro sengetøystoff frå 70 -talet, som eg har funne på loftet heime:)
Ermene er sydd av eit "stretchy" blondestoff frå S&S. Har applikert på to blomstrete sirklar nede på høgre framside av kjolen. No berre ventar eg på mange fine sommardagar, slik at dei nye kjolane mine kan få ut å lufta seg:)
Denne gongen har eg brukt eit herleg retro sengetøystoff frå 70 -talet, som eg har funne på loftet heime:)
Ermene er sydd av eit "stretchy" blondestoff frå S&S. Har applikert på to blomstrete sirklar nede på høgre framside av kjolen. No berre ventar eg på mange fine sommardagar, slik at dei nye kjolane mine kan få ut å lufta seg:)
onsdag 1. juni 2011
"Klinkekul" kjole
I dag har eg hatt fridagen min igjen, og då har eg sydd litt. Måtte berre prøva ut eit nytt mønster i den nye boka eg har kjøpt, "Made by me". I dag teikna eg av mønster til ein kjole, som bloggar http://www.klinkekult.blogspot.com/ har laga. Tok fram nokre av stoffa eg kjøpte på Fretex for nokre veker sidan. Det limegrøne bomullsstoffet med kvite blomar, er berre så fiiint, syns eg. Eg fann eit flott blomestoff, som eg ville bruka til ermer. Mønsteret til denne kjolen passa meg heilt flott. Str L
Enkel og grei skildring i boka om korleis kjolen skulle syast. Det blir nok fleire kjolar til meg i dette mønsteret, ja:)
Enkel og grei skildring i boka om korleis kjolen skulle syast. Det blir nok fleire kjolar til meg i dette mønsteret, ja:)
Singoallatoppar til sommaren:)
På lørdag fekk eg den flotte boka "Made by me", i posten. Der er det mange sybloggarar som har bidrege med med oppskrifter/mønster på alt frå interiør til klede for både liten og stor. Eg vil prøva ut fleire av mønstera på sikt. No har eg prøvd ut mønsteret til bloggaren http://www.jippiyes.blogspot.com/
"Jippi-Romantica-Oh-Yes-blusen"
"Jippi-Romantica-Oh-Yes-blusen"
Eg er ein 42/44 str. så eg tenkte at mønsteret i str 40 blei litt lite til meg, så på den første prøveblusen eg sydde så la eg på 1,5 cm på mønsterdelane. Det blei alt for stort. Så denne 40-str er nok ein stor str, og passar meg heilt fint:) Eg har sydd 4 nye blusar til meg sjølv i ulike stoff og kombinasjonar, både i vintagestoff og nye stoff. Det går fort å sy ein slik bluse, og særleg om ein har Overlock-maskin (det har eg)
Eg sydde skråband i halsopningen, men i ermene kasta eg berre over kantane og la opp kanten, til løpegang. Nede har eg valgt å sy på ribb, syns det blei betre enn ein løpegang til strikk. Eg har òg kutta litt på lengda på blusen, for å få lenfgda slik eg ville:) Håpar eg får brukt desse toppane masse i sommar, men dei blir sikkert fine til hausten òg, med ein langerma topp inni.
Abonner på:
Innlegg (Atom)












