Translate
tirsdag 6. desember 2011
Førjulsmoro i Sogndal kulturhus
På lørdag som var, var eg med på julemesse i kulturhuset i Sogndal. Mykje folk og god stemning. Eg hadde sydd opp ein del til denne dagen og fekk solgt litt av kvart. Hadde med meg kjolar, skjørt, vesker, huer, halsar, vottar m.m
Her ser de litt bilete frå standen min:)
Eg var fornøgd med salet:)
onsdag 16. november 2011
2 nye kjolar som skal få vera med på julemesse:)
Jobbar no litt på "høg-gir" for å få ferdig produkt til julemessa eg skal vera med på i Kulturhuset i Sogndal, lørdag 3.desember. Her er 2 nye kjolar som blei ferdige i dag. Den brune kjolen er ein redesignkjole str. M/L(40/42) og den andre er str. L (42)
Desse kjolane blir ikkje lagt ut for sal i eplabutikken min enno. Må ha nokre overraskingar til messa:)
Har planar om å få sydd eit par barnekjolar i fleece, som eg òg vil ha med på messa. Me får sjå om tida fram til 3. desember strekkjer til:) Skal vekk dei to påfylgjande helgene så då blir det ikkje sying, så dei to siste fri- onsdagane mine før 3. desember, må nyttast godt:)
Pris: 790,- + porto
SOLGT!!
Desse kjolane blir ikkje lagt ut for sal i eplabutikken min enno. Må ha nokre overraskingar til messa:)
Har planar om å få sydd eit par barnekjolar i fleece, som eg òg vil ha med på messa. Me får sjå om tida fram til 3. desember strekkjer til:) Skal vekk dei to påfylgjande helgene så då blir det ikkje sying, så dei to siste fri- onsdagane mine før 3. desember, må nyttast godt:)
Pris: 790,- + porto
SOLGT!!
SOLGT!!
søndag 13. november 2011
70-tals inspirert kjole
Fann flotte platåsko på Fretex òg, men dei er nok frå 90 talet, men funka fint til kjolen. Mange flotte 70- talsantrekk på festen.
Denne kjolen er no solgt til redusert pris, då eg har brukt den ein gong:)
Str: 42/44
Pris: 590,- + porto
onsdag 2. november 2011
Bestillingskjole i rosa og grått
I dag har eg sydd ferdig ein kjole eg fekk bestilling på for nokre veker sidan. Fargeønske var rosa og grått og hovudstoffet skulle vera i velourstoff. Likar best slike "opne" bestillingar, der eg får bruka min kreativitet og skapa ein kjole slik eg vil ha den:) Alle tre stoffa eg har brukt, er frå S&S.Applikerte på 3 hjarte på kjolen.Her ser du resultatet:) Ho som skulle ha kjolen blei fornøgd og då er eg fornøgd òg.
tirsdag 1. november 2011
JADEGRØN VELOURKJOLE
Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv. Har ikkje sydd kjole til meg sjølv i dette sjølvlaga mønsteret enno:) så eg fann ut at desse stoffa kunne kombinerast til ein fin kjole til meg sjølv:) Kjolen er sydd av eit restestoff av jadegrøn stretch velour, frå S&S.+ eit mønstra viskosestoff òg frå S&S. Halskant er sydd av eit svart syntetisk stretchstoff og kanten nede er sydd av eit syntetisk beige ribbstoff, alt frå S&S.
FARGERIKT HAUSTSKJØRT
Dette blei eit nyyydeleg og fargerikt skjørt, syns eg. Skjørtet er sydd av eit vintage sengetøy i flott fargar. Litt tynt stoff, så eg har sydd i eit underskjørt i oransje sportstretch, frå S&S. Raud ribb i livet, frå S&S.
Str. L (42/44)
Pris: 390,- + evt. porto
http://randidesign.epla.no/
Redesign dongeriskjørt
Stoff frå ein ny syrinfarga jerseytopp, blei ribb i livet på skjørtet.
Fann ut at det blei fint med ei glinsande lilla stjerne som applikasjon på framsida av skjørtet. Sydde ein stor lilla knapp i midten på stjerna.
Str. L (42)
Pris: 525,- + evt. porto
SOLGT!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)










