Translate

onsdag 9. mai 2012

KJEMPEGOD SJOKOLADEKAKE

Eg fekk spørsmål om å laga ei sjokoladekake til ein konfirmasjon for ei veke sidan.
Eg starta då med å leita etter ei god oppskrift, på "nettet". Syns ofte at sjokoladekakene eg har laga blir litt fort tørre.
Denne oppskrifta prøvde eg ut og den vart saftig og god. Fekk god tilbakemelding på kaka i etterkant. Den forsvant frå kakebordet, ingen restar:)  Så då falt kaka tydlegvis i smak hos mange:))

Eg brukte ein annan glasur enn den opprinnelege, avdi eg tykte den opprinnelege blei for mektig (prøvelagde nemleg kaka nokre dagar før, slik at eg visste om den blei god). Så her kjem oppskrifta med glasuren eg brukte:

"Cafè Stings sjokoladekake" à la Randi


Ingrediensar:
125 g smør
1 dl vatn
3 ss kakao
1 ts vaniljesukker
4 egg
250 g sukker
150 g kveitemjøl
3 ts bakepulver

Glasur/fyll:
100 g smelta smør
500 g melis
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
6 ss varm sterk kaffi
Bland alt sammen og  ha inni og oppå kaka, når den er litt avkjølt  (del kaka i 2)


Framgongsmåte:

Smelt smøret i ein kjele. Tilset vatn, kakao og vaniljesukker. Ta kjelen av plata og pisk inn 4 eggeplommer med elektrisk miksar. Ha så i sukker, mjøl og bakepulver. Rør deigen glatt og klumpfri. Pisk eggekvitane for seg til kvitt skum. Vend dette i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka nederst i omnen ved 175 grader C i ca 45 min. Avkjøl kaka i formen. Ta den ut og fjern bakepapiret. Del kaka i to botner.
Ha på glasur. Pynt evt med litt "fargestrøssel", kokosmasse e.l

LUKKE TIL!

Kjole i lilla og grønt

Utgangspunktet for denne kjolen var eit flott lilla syntetisk maxi vintageskjørt,kjøpt brukt på "nettet".
Har brukt dette gjenbruksstoffet i fleire kjolar, men no ville eg sy ein kjole til meg sjølv der eg ville ha bryststykket i dette stoffet.
Sidan det er litt grønt på bladene, så fann eg ut at eg ville ha grøne ermer på kjolen min. Ryggstykket  er eit grått stretch chenillestoff med lilla prikkar, frå MG-tyger.
Skjørtestoffet er eit denim-look stretchstoff, frå S&S.











Eg kanta kjolen rundt halskant og ermekantar, med eit rosa polyester ribbstoff, frå S&S.
Har fått litt "dilla" på å sy ein glidelås på bryststykka på kjolane min, for å få ein litt kul detalj:)
Så på denne kjolen har eg sydd på ein lyserosa glidelås.

Kjolen har fått 3 små blomar som applikasjonar på framsida.












Herleg kjole å ha på.

Str. 42/44

SOLGT!!

Mønster: mitt eige

tirsdag 8. mai 2012

"BLUE DOTS"-kjole



Denne kjolen sydde eg for nokre dagar sidan. Likar så godt stoff med prikkar, så det stoffet eg har brukt til skjørtedelen er berre så kult syns eg. Har sydd ein kjole før med karrygule prikkar, den blei òg fin:)












Overdelen på denne kjolen her er eit fargerikt viskose jerseystoff, frå S&S. Ermene er blått blondestoff, som eg har kjøpt på Fretex.
Når kjolen er så fargerik, så valgte eg å ikkje har nokon applikasjonar på kjolen. Det kan fort bli "too much".
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som i bryst- og
ryggstykket.


Mønster: mitt eige

Str. 42

Pris: 775,- + porto                 SOLGT!!

søndag 6. mai 2012

BURSDAGSKJOLE

Forrige helg feira me svigermor sin 85 årsdag, og då måtte me sjølvsagt pynta oss:)

Eg sydde meg ein ny kjole i høve dagen og det blei denne kjolen her:












Bryststykket og eine armen, er mønstra viskose jersey, frå mg-tyger. Ryggstykket og andre armen er sydd av gjenbruks materiale frå ein glitrande topp, kjøpt på Fretex. (Same stoffet som i ermene på kjolen i forrige blogginnlegg:)
Skjørtedelen er sydd av eit stripete "taft"liknandestoff, kjøpt på Fretex. 

Tadaaaa! så blei det jammen ein ny kjole!!

Str: 42/44
Mønster: mitt eige

Endeleg passa kjolen:)

For nokre veker sidan blogga eg om ein bestillingskjole som blei litt for liten:)
Har no sydd ein ny til dama som skulle ha kjolen, og no passa kjolen heilt perfekt. Har jo som de veit eit prinsipp at eg ikkje syr 2 like kjolar, så det måtte bli ein ny vri:)





Her ser du den nye kjolen:
Ca str 36
Mønster: mitt eige
Pris: 790,-

Dama som hadde bestillt kjolen blei veldig fornøgd, og då blir eg òg veldig glad og fornøgd:)

torsdag 3. mai 2012

Ein sommarkjole ...igjen:)




Har sydd endå ein sommarkjole, der eg har brukt crimpelinstoff frå 70-talet. Ryggstykket og bryststykket er eit raudt  vintagestoff med oransje og blåe blomar. Ermene er sydd av oransje stretch chenille. Skjørtedelen er sydd av eit off-white bomullstoff med oransjeraudt mønster, frå S&S.










Halskant og ermekantar er kanta med raud ribb, frå S&S.
Kjolen har så mykje pynt i seg sjølv med dei mønstra stoffa, så eg har valgt å ikkje ha nokre applikasjonar på denne kjolen.
Har sydd på eit raudt pongpongband rundt skjørtekanten, frå S&S.











Str. M/L  (40/42)  Kjolen er litt smal i livet.
Lengde: 97 cm
Pris: 775,- + evt porto

Kjolen ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no


KUL SOMMARKJOLE




Då har eg sydd ein ny kjole igjen. Denne gongen med litt retro stoff. Bryststykket er crimpelinstoff frå eit flott lilla maxiskjørt, som levde eit liv på 70 -talet. Gjenbruk er gøy:) 












Ryggstykket er oransje stretch chenille med aubergine farga prikkar. Ermene er sydd av lys grått jerseystoff med mintgrøne stjerner, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit grønt crimpelinliknande vintagestoff med kvite striper, kjøpt på Fretex. Dette grøne stoffet har eg brukt i eit par kjolar tidlegare, men no er det berre litt igjen;(






Kjolen har pynta seg med ein stjerneapplikasjon nede på høgre framside. Sydde ein lilla knapp i midten på stjerna, for å ta opp lilla fargen i bryststykket.

Dette er kjolen for deg som elskar fargerike og litt morosame kjolar til kvardag og fest:)

Str. L (42/44)
Lengde: 98 cm

SOLGT!!!

Pris: 790,- + evt. porto