Translate

onsdag 9. april 2014

2 nye T-skjorter til minstemann i dag




Fekk lyst til å sy nokre t-skjorter til guten min på 9 år:)
Det har eg gjort i dag. Han blei særs nøgd med begge to:)


Stjernestoffet og det blå "sportmesh"-stoffet, er frå S&S. Baseball-stoffet er frå Jofotex.
Mønster frå S&S.

Str 8 år

FARGERIKT VISKOSEJERSEY-SKJØRT



Dette er eit mjukt og deileg skjørt til vår og sommarbruk. Heile skjørtet er sydd av viskosejersey, frå Kreativ.
Skjørtet er sydd i to deler+ ribbkant i livet. Veldig behageleg skjørt å ha på seg.






































Str 42
Pris: 375,- + porto
Mønster: mitt eige

SOLGT!

VÅRLEG KJOLE




I går sydde eg ferdig denne kjolen. Den er i herlege fargar, som gjer meg glad:)
Bryststykket er ein rest av det flotte landskap/sykkel viskosejerseystoffet, frå Kreativ.




Ryggstykket og ermene er sydd av eit grått jerseystoff med blå skrift, frå S&S.












Skjørtedelen er sydd av coboltblå bistretch, frå S&S. Halskant og ermekantar er kanta med gjenbruksmateriale frå ein blå jerseytopp.


























På høgre framside er det applikert på ein flott sommarfugl med raude kroklisser til følehorn.






Str. ca 42  (litt trang til meg)
Lengde: ca 95 cm

Pris: 875,- + porto
Mønster: mitt eige



Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randisdesign.epla.no




I dag har eg sydd ein påskekjole/vårkjole til meg sjølv. Den får koma eit innlegg litt seinare.

fredag 4. april 2014

GENSER-KJOLE



Her har eg sydd meg ein genser-kjole i eit fargerikt og flott viskosejerseystoff, frå "Kreativ". Elskar fargane og mønsteret i dette stoffet:)


Ermene er sydd av eit syntetisk stretchstoff, frå S&S. Det svarte stoffet på nedrekanten er òg eit syntetisk stretchstoff, frå S&S.
Halskanten er kanta med same stoffet som er brukt på nedre kant av genseren.
Mønster: frå S&S  (men har gjort litt endringar)
Str ca 42/44.



Denne gler eg meg til å ta i bruk.

Ynskjer dykk alle ei fin helg!

BYCYCLE-DRESS



Det nydelege stoffet til denne kjolen, kjem frå "Kreativ". Eg har sydd meg ein herleg vårkjole av dette viskosejerseystoffet.
Ermene er sydd av grønt sportstretchstoff, frå S&S. Halskant og skjørtekanten er kanta med det same grøne stoffet.
Mønsteret er frå S&S, men eg har modifisert det litt:)





Tok kjolen i bruk i dag på ein solrik vårdag.  NO ER DET VÅR!!!!!
Str: ca 42/44

tirsdag 1. april 2014

SKJØRT MED STORE LOMMER



Skjørtet er sydd av eit grått dongeriliknande stoff, frå S&S. På framsida er det sydd på to store lommer, som er fòra med eit turkismønstra bomullsstoff. Svarte knappar til pynt på kvar lomme.
Skjørtekanten er kanta med eit sjøgrønt syntetisk vintagestoff.








Den smale linningen er sydd av same stoffet.
Det er ein lyserosa glidelås bak. Ser at eg vil sy på hekter i linningen over glidelåsen. (det får eg fiksa ein annan dag:)









Skulle eigentleg ha dette skjørtet sjølv, men har laga mønsteret litt for lite. Må plussa på nokre cm her og der når eg skal sy eit nytt skjørt:)

Str. M (ca str 40)
Mønster: mitt eige
Pris: 450,- + porto

SOLGT!!

SATENGBLUSE MED STORE BLOMSTER



Denne blusen er sydd av  stormønstra polyestersateng frå S&S. Blusen er sydd saman i to deler og kanta med turkis ribb, frå S&S.

Blusen har god vidde og kan brukast med og utan ein langerma topp inni. Fin å bruka over ei smal dongeribukse eller tights.






Str L (42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 349,- + porto

Blusen er lagt ut for sal i nettbutikken min:

http://randidesign.epla.no