Translate

onsdag 7. juli 2010

..nok eit skjørt blei kjole...


Dette skjørtet sydde eg i mai, men blei aldri heilt fornøgd med det. Er så glad i kjolar at eg fann ein lite brukt grå topp i skapet mitt, som kunne duga som overdel på kjolen. Eg spretta av linniniga på skjørtet og spretta av glidelåsen i sida (sydde i ein lenger glidelås slik at kjolen skulle bli lettare å få på.) Klipte av nedre del av gensaren, og sydde saman dei to delane. Klipte vekk delar av ermene på gensaren, og sydde på rosa blondeband i ermekanten. Sydde òg på eit sikksakkband i turkis, i livet. Ville ha ein fargeklatt på brystpartiet på kjolen, fann då ein rest i restekassa mi, og laga ein runding som applikasjon. Kjolen blei litt trang til meg i livet, så eg kjem nok til å bruka ein vest utanpå:) Kanskje sel eg kjolen til ei som er litt slankare enn meg òg, time will show:)
SOLGT!

søndag 27. juni 2010

"LUCKY ME!....


Utgangspunktet for denne kjolen var eit gamalt grønblomstrete bomullsskjørt og ei ubrukt t-skjorte med påskrifta :"lucky me". Fargane gjekk veldig godt ilag, akkurat dei same grøntonane. Har alltid streva med å finna noko å ha til dette skjørtet. Endeleg blei det klaff!! Her ser du resultatet. Eg klipte av linninga på skjørtet og sydde att sidesømmen der det var glidelås, som eg spretta av. Ville ha saumen høgt oppe slik at kjolen fekk "prinsessefasong" Eller empire-snitt, er det det det heiter?? I allefall eg klipte vekk mykje av nedre del på t-skjorta, og resultatet blei veldig bra tykte eg. Blei meir fornøgd med denne kjolen enn den forrige.
Str.42/44
SOLGT!!

Måtte sy litt igjen....


Dette blei ein singletkjole, der utgangspunktet var eit skjørt, som eg kjøpte på UFF-butikk i Oslo, i fjor sommar og ein singlet. Hadde lenge tenkt at eg ville sy skjørtet om til ein kjole, om eg fann ein overdel å kombinera med. I dag dukka det opp ein idè om ein sølvfarga singlet som var blitt liggjande ubrukt i skapet i lengre tid. Eg ville at kjolen skulle gå til kneet, difor klipte eg ikkje så mykje av singleten. Eg laga eit par innsnitt i fronten på singleten, slik at den skulle få ein finare passform. Såg då eg var ferdig å sy saman dei to delane, at eg kunne klipt av litt meir av singleten for å få ein finare fasong på kjolen. Men eg blei ganske fornøgd. Kan evt spretta opp att og sy på nytt. Me får sjå:) No er det i allefall blitt kjole av skjørtet.

onsdag 16. juni 2010

sommerkjole til ein god kollega


Ein kollega kom på lørdag og lurte på om eg kunne sy ein kvit sommarkjole til torsdag fyrstkomande, eg sa ja men sa at ho måtte skaffa stoff sjølv, sidan eg ikkje hadde liggjande noko kvitt stoff. Ho kjøpte då kvit ribb på vår lokale "sy og strikkebu". Ynskjer frå min kollega var at kjolen skulle ha mange tilfeldig plasserte rundingar i ulike lilla toner, som applikasjonar. Her ser de resultatet. Mønsteret er klipt etter ein kjole kollegaen min hadde frå før:)
No får me tru ho blir nøgd, og at ho får brukt den masse i sommar.

tirsdag 15. juni 2010

Hesteveske til Mari


Mari Abegail på snart 10 år, ville òg ha seg ei tøyveske. Ho ville vera med å kjøpa stoff og falt for dette hestestoffet. No har ho veske til sommarens mange aktivitetar, kanskje spesielt fin å ha badekleda i når ho skal på stranda:)
Ho blei i allefall nøgd. Og då er mor nøgd òg.

buksa til Vidar blei veske til kona...


Vidar kom heim og fortalde at glidelåsen var gått i sund i ei gamal dongeribuksa: Eg orka ikkje skifta glidelås og var på veg med buksa i boset. Plutseleg slo det meg at nei, buksa skulle ikkje kastast, det kunne jo bli ei flott dongeriveske. Eg tok fram saksa og klipte til veska. Glidelåsbaklomme blei til lomme på framsida av veska. Hadde kjøpt inn eit artig frimerkestoff, som eg brukte til fòr. Her ser du resultatet. Så no er det berre til å klippa og sy vesker av gamle dongeribukser, når glidelåsane ryk eller buksa elles er utsliten:))

torsdag 10. juni 2010

Prøveprosjekt --tøyveske


Har sett mange artige heimesydde vesker i kule stoff, og tenkte at no vil eg sy ei veske til sommaraktivitetar og ferie. Ei veske som kan brukast til litt av kvart. Eg søkte litt på internett, og fann ei mønsterskildring der som eg likte. Etter eit par timar så var prøveveska klar. Og eg blei ganske nøgd med resultatet. Kjem nok til å sy fleire av denne typen veske. Moro var dei å sy òg. Sydde ei til i andre fargar, seinare på kvelden:)