Translate
fredag 30. desember 2011
Redesign av gamle dongeribukser
Då har eg hatt lang pause frå symaskinene mine, men her ein dag i romjula måtte eg berre sy litt igjen:))
Eg fann fram nokre avlagte dongeribukser og dongeriskjorter og starta å klippa ut heilt vilkårlege lappar, som eg sydde saman med raud tråd på overlockmaskina. Då eg hadde laga til to store samansydde bitar, fann eg fram skjørtemønsteret mitt i størrelsen min, og klipte til to like deler. Sydde desse delane saman i sidene, fann fram ribb i turkis, og skar til ein passe lengde til ribb i livet. Tada!!!! så fekk eg meg eit nytt skjørt til nyttår:) Moro å sy saman skjørt på denne måten. Det blir sikkert fleire slike.
onsdag 7. desember 2011
"STJERNEDRYSS-KJOLE", str M/L
Kjolen er sydd av turkis og grå stretch chenille (bryst- og ryggstykka) Ermene er sydd av eit lysgrått jerseystoff med stjerner på, frå S&S. Kanta med svart ribb rundt ermekantar og halskant.
Skjørtedelen er sydd av eit svart og grått bomulls-stoff, kjøpt på JYSK.
Kjolen har fått ei stor flott stjerne midt på brystet, isame stoff som ermene.
Så med denne kjolen på blir du "stjerne" med ein gong:))
Kjolen blei i str M/L (ca 40-42)
Mønster: eiget
Pris: 725,- + evt. porto
SOLGT!!
Festkjole à la "Tre nøtter til Askepott"
Etter kvart som kjolen blei sydd i saman, så fekk eg litt assosiasjonar til filmen som går på julafta "Tre nøtter til Askepott". Stesøstrene til Askepott skulle få sydd seg kjolar, og den eine kjolen minna litt om denne syns eg. I tillegg tykte eg den blei litt vel mykje beige, så eg trur ikkje eg endar opp med denne kjolen sjølv likevel:) Den blei dessutan litt trang over bysten til meg.Så no har eg lagt kjolen ut for sal i nettbutikken min, så kanskje nokon andre kan ha den til julekjole i staden??
Str. L (42) Må ikkje vera for stor rundt bysten (max 104 cm)
Pris: 690,- + evt porto
SOLGT!!
tirsdag 6. desember 2011
Førjulsmoro i Sogndal kulturhus
På lørdag som var, var eg med på julemesse i kulturhuset i Sogndal. Mykje folk og god stemning. Eg hadde sydd opp ein del til denne dagen og fekk solgt litt av kvart. Hadde med meg kjolar, skjørt, vesker, huer, halsar, vottar m.m
Her ser de litt bilete frå standen min:)
Eg var fornøgd med salet:)
onsdag 16. november 2011
2 nye kjolar som skal få vera med på julemesse:)
Jobbar no litt på "høg-gir" for å få ferdig produkt til julemessa eg skal vera med på i Kulturhuset i Sogndal, lørdag 3.desember. Her er 2 nye kjolar som blei ferdige i dag. Den brune kjolen er ein redesignkjole str. M/L(40/42) og den andre er str. L (42)
Desse kjolane blir ikkje lagt ut for sal i eplabutikken min enno. Må ha nokre overraskingar til messa:)
Har planar om å få sydd eit par barnekjolar i fleece, som eg òg vil ha med på messa. Me får sjå om tida fram til 3. desember strekkjer til:) Skal vekk dei to påfylgjande helgene så då blir det ikkje sying, så dei to siste fri- onsdagane mine før 3. desember, må nyttast godt:)
Pris: 790,- + porto
SOLGT!!
Desse kjolane blir ikkje lagt ut for sal i eplabutikken min enno. Må ha nokre overraskingar til messa:)
Har planar om å få sydd eit par barnekjolar i fleece, som eg òg vil ha med på messa. Me får sjå om tida fram til 3. desember strekkjer til:) Skal vekk dei to påfylgjande helgene så då blir det ikkje sying, så dei to siste fri- onsdagane mine før 3. desember, må nyttast godt:)
Pris: 790,- + porto
SOLGT!!
SOLGT!!
søndag 13. november 2011
70-tals inspirert kjole
Fann flotte platåsko på Fretex òg, men dei er nok frå 90 talet, men funka fint til kjolen. Mange flotte 70- talsantrekk på festen.
Denne kjolen er no solgt til redusert pris, då eg har brukt den ein gong:)
Str: 42/44
Pris: 590,- + porto
onsdag 2. november 2011
Bestillingskjole i rosa og grått
I dag har eg sydd ferdig ein kjole eg fekk bestilling på for nokre veker sidan. Fargeønske var rosa og grått og hovudstoffet skulle vera i velourstoff. Likar best slike "opne" bestillingar, der eg får bruka min kreativitet og skapa ein kjole slik eg vil ha den:) Alle tre stoffa eg har brukt, er frå S&S.Applikerte på 3 hjarte på kjolen.Her ser du resultatet:) Ho som skulle ha kjolen blei fornøgd og då er eg fornøgd òg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

