Translate

onsdag 28. mars 2012

KJOLE I SVART OG LILLA


Denne kjolen er ein bestillingskjole. Ho som har bestillt kjolen ville gjerne ha ein kjole i svart og lilla.
Alle stoffa er ulike syntetiske stoff, frå S&S.
Mønsteret er mitt eige.
Stoffa som er brukt på framsida av kjolen er litt tynne stoff, så eg har fòra kjolen der med svart polyesterstretch, frå S&S.









Dessverre blei kjolen akkurat litt for trang over bysten, så no blir kjolen lagt ut for salg i eplabutikken min
http://randidesign.epla.no



Str. ca 34/36
Bystemål: 70 cm
Pris: 790,-

FARGERIKT SKJØRT



Dette er endå eit skjørt i 6 deler. Det er sydd av gjenbruksstoff frå ei gardin med fargerike rundingar, kjøpt på Fretex. Og eit knallraudt bomulls-polyester stoff.
Skjørtet har fått oransje ribb i livet, frå Mg-tyger.
Skjørtet lengtar etter å få koma ut i sola, dette er eit gla'skjørt, til ei glad dame:)

Str. ca M (38/40)
Lengde: 52 cm
Pris: 490,- + evt porto
SOLGT!!

DONGERISKJØRT ER ALDRI FEIL:)




Har klipt i sund endå fleire dongeribukser og sydd eit nytt kult skjørt:) Redesign er moro!!!
Har brukt skjørtemønsteret mitt i 6 deler. Midtstykket framme og bak på skjørtet er eit blandingsstoff, truleg bomull og polyester, frå JYSK trur eg.
Har pynta skjørtet med 3 blomeapplikasjoner framme og 1 blome på baksida.
Skjørtet har fått rosa ribb i livet, frå S&S.

Dette skjørtet lengtar etter å få koma ut i vårsola:) Fint å bruka med ei farkerik strømpebukse under, eller med bare bein til sommaren.
Skjørtet er i ca str 38 (litt smalt i livet)
Lengde: 52 cm






Pris: 525,- + evt. porto
Skjørtet ligg for sal i nettbutikken min:

søndag 25. mars 2012

REDESIGN DONGERISKJØRT





I dag har eg klipt opp to avlagte dongeribukser, som eg ikkje har brukt på lenge (eg går jo nesten berre i skjørt og kjolar:)






Fann ut at desse buksene kunne bli eit kult dongeriskjørt i 6 deler, med ribb i livet. Buksene hadde litt
"slitt-look"  (kjøpt slik frå butikken)


Måtte jo pynta skjørtet litt òg, så eg fann ein rest av eit nyyydeleg vintagestoff i knallfargar, og laga til 5 små blomar, som eg applikerte på skjørtet. 4 på framsida og 1 på baksida.





Skjørtet passar til meg, men eg har bestemt meg for å leggja det ut for sal i nettbutikken min:
Men det er ikkje sikkert eg let det liggja der så lenge, så har du lyst på skjørtet, så ikkje tenk for lenge på saken:)
Str. 42/44
Lengde: 56 cm
Pris: 490,- + evt porto

"BLOMSTER SMÅ, GULE BLÅ...."



I dag har det vore ein fantastisk flott vårdag her me bur:) Og no spirar det rundt omkring i blomsterbeddene.
Har ei lita blåveistue i eine blomsterbeddet mitt, og no blømer den så fint:)
Krokusane kjem òg for fullt. NO ER DET VÅR!!!!!!! I dag sette mannen min opp trampolina til ungane, og det var stor stas. Syklane er komt fram, og joggesko er komt på beina til ungane. Ja det er med andre ord snart farvel til vinterklede, ski og kjelkar for denne gong. Men me må nett venta til over påske. Her blir det hyttepåske og skiturar:)

Det er ei utruleg flott årstid me no går i møte:)
Ynskjer alle lesarar ein flott vår.

Håpar det er vårstemning der du bur òg:)

lørdag 24. mars 2012

BLÅTT OG GRØNT ER SKJØNT:)

Fekk pakke i posten i går med 3 flotte vintagestoff. Måtte berre laga ein kjole med det eine stoffet i går kveld:)
Etter litt grubling fram og tilbake, landa eg på denne stoffkombinasjonen. Det er det blåe stoffet som var utgongspunktet for kjolen. Brukte eit grønt crimpeline vintagestoff med kvite striper, til bryststykket. Ermene er sydd av plommeraudt blondestoff og eit mønstra jerseystoff, begge frå S&S.
Blått og grønt er nydeleg i lag, syns eg. På 70-talet var denne kombinasjonen, "ikkje lov". Eg kan ikkje skjøna kvifor desse fargane ikkje skulle vera fine i lag?
Dette blåe stoffet med litt innslag av grønt og burgunder er eit syntetisk stoff, som ikkje krøllar, FANTASTISK!!!! Syns det ser ut nesten som eit abstrakt måleri:)Eg sydde på eit burgunderfarga pongpong- band, i saumen under bryststykket.



Fann ut at eg ville ha eit hjarta applikert på brystet på denne kjolen òg. For å gjera det litt ekstra kult, så sydde eg på eit rektangel av eit svart stoff m/rosa prikkar, før eg sydde på hjarta. Sydde ein lysgrøn vintage knapp inni hjarta. Har kanta kjolen  med det same stoffet som er brukt på ermene, langs skjørtekanten og rundt halskanten.
Kjolen passar til meg, så denne vil eg behalda sjølv:) Blir fin å bruka som vårkjole, tenkjer eg:)
Str. 42/44

Mønster: eige

SOLGT!!!

onsdag 21. mars 2012

NO ER DET TID FOR VÅRSKJØRT!!


SOLGT!!



I dag har eg klipt til 5 skjørt og ein kjole.
Har fått sydd ferdig 2 av skjørta no i kveld.  Det lyser vår og sommar av desse skjørta, syns eg:)

Skjørta er lagt ut for sal i eplabutikken min:

Begge skjørta er i ca str. M (ca 38/40)   Mønster: mitt eige skjørtemønster i 6 delar

Pris for skjørt i gult og rosa: 425,- + evt. porto

Pris for skjørt i grønt m/blomar og ugler: 475,- + evt. porto    SOLGT!!!