Translate

torsdag 24. oktober 2013

KJOLE I ROSA OG GRØNT

Denne kjolen blei sydd ferdig i går, på det nye flotte syrommet mitt:)
(Må laga eit eige innlegg med bilete av det seinare)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av stoff frå eit mønstra viskosejersey-skjørt, kjøpt på salg.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk topp, kjøpt på Fretex.













Skjørtedelen er sydd av rosa courtelle, frå S&S.
På framsida av kjolen er det applikert på ei stjerne, med ein oransje knapp påsydd i midten.














Halskant og ermekantane er kanta med grønt jerseystoff, frå ein ubrukt singlet.







Kjolen har korte ermer, men kan fint brukast heile året:)






Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

SKJØRT SYDD AV VINTAGESTOFF



Dette skjørtet sydde eg i førre veke, men har ikkje fått blogg om det før i dag:)
Framstykket er sydd av eit mønstra bomullsstoff i flotte haustfargar. Dette stoffet fekk eg av ein god kollega, som hadde det liggjande. Bakstykket er eit raudt poplinstoff med kvite prikkar, frå S&S.











Skjørtet er fòra med eit tynt bomull/polyester? stoff.
Det er sydd på oransje ribb i livet, frå S&S. Slike skjørt er veldig behagelege å ha på då det ikkje strammar i livet:) Rundt skjørtekanten er det sydd på ain kant av same stoffet som er brukt på bakstykket.

Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 495,- + porto

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla

torsdag 10. oktober 2013

KJOLE INSPIRERT AV ELEFANT PÅ BARNE-TV:)

Denne kjolen er inspirert av ein elefant eg såg på barneTV på NRK-Super ein morgon, denne veka.
Elefanten var lilla og hadde raudmønstra øyre. (kanskje fleire som har sett denne elefanten??)















Eg har alltid likt kombinasjonen lilla og raud. Eg har vore innom S&S i haustferien og då kjøpte eg lilla isoli.




Bryststykket i denne kjolen er gjenbruksmatriale frå ein glitrande syntetisk vintagetopp, frå Fretex. Ermene er raud og beige mønstra crimpelin frå 70-talet (fått av ein snill kollega)









Resten av kjolen er altså lilla isoli,frå S&S. Rundt halskanten er det sydd på oransje courtelle, frå S&S.
Rundt ermekantar og rundt skjørtekanten er det sydd på lilla stretchblonde, òg frå S&S

På framsida er det applikert på ein stor fin blome med ein raud knapp påsydd i midten.

















På ryggen er det applikert på ein glitrande sommarfugl.
















Kjolen er i str L /XL (ca 44)

Pris: 899,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

FINKJOLE I RETROSTIL

Førre veke fekk eg eit flott 70-tals stoff i posten.  I dag har delar av stoffet blitt med i ein kjole:)



Var innom Fretex i haustferien, og då fann eg bl.a to flotte toppar, som eg har klipt opp og brukt i denne kjolen.







Her ser du resultatet:




 
 
 












Str. L (ca 42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto



Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

onsdag 9. oktober 2013

SVART FLEECE-KJOLE MED FARGERIKE BLOMAR




Denne kjolen er sydd av eit svart fleece-stoff med store fargerike blomar. (stoffet er kjøpt hos "Kjoledamen") Ermene er sydd av rosa microfleece, frå MG-tyger.
 Halskant er kanta med limegrøn ribb, frå S&S.













Skjørtekanten er kanta med eit litt breidt svart sateng blondeband, kjøpt på min lokale sybutikk.














Kjolen har lange ermer og er varm og god og ha på.
Kjolen kan brukast både som kjole og tunika med ei smal dongeribukse under eller tjukk strømpebukse.

Str. L (42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

SOLGT!!

Dongerikjole med innslag av vintagestoff




Denne kjolen blei sydd for eit par veker sidan og er sydd av ulike dongeristretch stoff, frå S&S, + eit nydeleg blått blomstrete crimpelinstoff frå 70-talet:) O lykke!!!
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk vintage topp, kjøpt på bruktbutikk.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.

På brystet er det applikert på ein stor blomst av to ulike stoff. Blomsten har fått ein blank knapp i midten.







I sidene har eg laga runde lommer og på skjørtekanten er det sydd på små kvite optimist ordlappar: "kindness" , "happiness", "smile" m.fl.

Skjørtekanten har òg fått lilla ribbkant, frå S&S

Ermene er 3/4 lange.

Denne kjolen er allereie teke i bruk og blir ein fin haust og vinterkjole:)

Str 42/44

Mønster: modifisert S&S-mønster

søndag 22. september 2013

NYE KJOLAR ER LAGT UT I EPLA-BUTIKKEN MIN I DAG!


I dag har eg lagt ut 3 nye kjolar i epla butikken min. Alle tre kjolane er i str L (42/44)
Her ser du bilete av kjolane:)



SOLGT!!




SOLGT!!