Denne kjolen blei sydd for eit par veker sidan og er sydd av ulike dongeristretch stoff, frå S&S, + eit nydeleg blått blomstrete crimpelinstoff frå 70-talet:) O lykke!!!
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein syntetisk vintage topp, kjøpt på bruktbutikk.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.
På brystet er det applikert på ein stor blomst av to ulike stoff. Blomsten har fått ein blank knapp i midten.
I sidene har eg laga runde lommer og på skjørtekanten er det sydd på små kvite optimist ordlappar: "kindness" , "happiness", "smile" m.fl.
Skjørtekanten har òg fått lilla ribbkant, frå S&S
Ermene er 3/4 lange.
Denne kjolen er allereie teke i bruk og blir ein fin haust og vinterkjole:)
Str 42/44
Mønster: modifisert S&S-mønster
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar