Ermene er sydd av eit rosa hekleliknande stoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt tjukt limegrønt vintage bomullsstoff med fin struktur. Dette stoffet har eg fått av ein god kollega.
Ermekantar og halskant er kanta med svart ribb, frå S&S.
Kjolen har 3/4 lange ermer.
Kjolen har pynta seg med ein stor og flott sommarfugl på venstre framside. Den har fått to følehorn av turkise kroklisser.
Det som er dumt er at kjolen er for liten til sømbysten min, så formen på kjolen kjem ikkje så godt fram på bileta. Men den er innsvinga i livet og skal sitja figurnært:)
Str. M (ca 38)
Mønster: mitt eige
Pris: 849,- + porto
Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:)
http://randidesign.epla.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar