Denne kjolen er sydd av ulike stoff. Ryggstykket er eit blått skateboard-mønstra jerseystoff, som eg ikkje heilt hugsar kor kjem frå. Bryststykket er coboltblå stretch-chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit blått syntetisk stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er eit gråkvitt og svart stripete syntetisk stoff med litt stretch, frå S&S.
Ermekantane er kanta med raud ribb, frå S&S. Halskant er kanta med limegrøn ribb, òg frå S&S. På framsida av skjørtedelen er det applikert på ein rektangulær pynt av ein skateboarder.
Kjolen har 3/4 lange ermer og passar fint både til haust- og vårkjole:)
Str: S (ca 36/38)
Mønster: mitt eige
Pris: 875,- + porto
Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar