
I dag har eg hatt fridagen min igjen, og som så ofte før på onsdagar, så har eg kosa meg framføre symaskinene mine:) Klipte til 2 nye kjolar i går kveld og i dag har eg sydd dei saman. Den eine er lagt ut for sal i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/ Den kjolen som er på bileta her er eg endå usikker på om eg skal behalda sjølv, eller om den skal ut for sal:) Den passar fint til meg, og eg likar godt fargane. Gir meg ein veldig vårfølelse:) Eg får tenkja på det nokre dagar:)
Kjolen er sydd av klarlilla stretch chenille, frå S&S og eit knall mønstra bomullsjerseystoff, frå MG-tyger. Har sydd på ei korallraud hekla brikke med ein liten sirkel med stoff, frå det same som i kjolen. Har sydd ein knapp i midten. Følte dette blei nesten som ei flott sol. Sirkelformen kjem òg igjen i stoffet på ryggen. Sirkelapplikasjonar på skjørtedelen òg.
Har kanta kjolen med jerseystoffet i halskant, ermekantar og skjørtekanten.
nydelige farger!! :)
SvarSlettgleder meg til at du lager flere kjoler, :)
har et spørsmål kan du få laget en kjole til meg til sommeren? skulle helst ha den til 9 juli for jeg har bursdagen min den 14 kan du få gjort det? så setter jeg pris på det. mvh SB. som får kjolen i februar, gleder meg:)
Hei SB!
SvarSlettJa eg kan gjerne sy kjole til deg. Har du spesielle fargeønsker og stoffønsker? Send meg berre ei melding så ser me kva me kan få til:) Ja eg sender kjolen du har bestillt 20 febr.
Randi