
Fann eit nydeleg fotsidt svart retroskjørt i crimpelin-stoff med rosa og raude firkantar og prikkar.
Det ville eg bruka som skjørtedel på kjolen min. Klipte det til slik at det passa til raglankjolemønsteret mitt.
Ryggstykket er sydd av stoff frå ein raud topp med sølvskrift. Sidan skjørtedelen har fargane raud og rosa i seg, valgte eg å ta rosa ribbkant i halsen og raud ribb til ermekantar. Viktig å ta oppatt fargar for heilskapen si skuld:)
Syns det blei ein morsom kjole, der eg altså kun har brukt gjenbruksmateriale. Kun ribbstoffet som er kjøpt som nytt stoff.
Denne kjolen blir nok min:)
Str. ca 42/44
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar