Translate

torsdag 5. september 2013

KNALLFARGA VELOURKJOLE MED LANGE ERMER



Dette herlege vintage velourstoffet i lilla med masse fargerike blomar, kom i posten til meg på måndag. I går, på fridagen min, måtte dette stoffet berre bli til ein ny kjole til meg. Det vart ikkje nok stoff til både bakstykket og framstykket, så eg måtte forlenga framstykket med eit anna stoff. Sidan eg hadde valgt at ermene skulle vera turkise, så fann eg ut at det kunne bli stilig med eit turkis felt nederst på framstykket. Nederste del av ermene har fått eit belegg av det blomstrete velourstoffet.

Gler meg til å ta denne kjolen i bruk:)










Mønster: S&S (men har gjort litt endringar, bl.a ved at ryggstykket er sydd i to delar i stadenfor heilt stykke.)

Syns det er greit med midtsaum på ryggstykket, for då er det rom for å laga litt innsving om ein ynskjer det. Eg har stor svai i ryggen så då likar eg at kjolen går litt inn i ryggen.

Str. ca 42/44

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar