Førre veke fekk eg pakke i posten med eit flott marineblått og rosa ullstoff, kjøpt på Finn.no.
Bestemte meg fort for at det måtte i allefall bli ei kåpe av dette stoffet. I går fann eg fram ein rosa ullfiltrest, som eg hadde på loftet og starta å klippa ut deler til kåpe.
Mønstertet er frå S&S, men eg har gjort litt endringar i fht mønsteret.
Då stoffet hadde fint mønster både på framsida og baksida, så miksa eg desse mønstra litt, for å få litt meir mønstervariasjon.
Vart godt fornøgd med resultatet, så no har eg fått meg ny kåpe, som er fin å bruka før det blir ordentleg kaldt og vinter:) Har framleis igjen meir stoff, så det kan bli fleire produkt. Kanskje ein ullkjole eller eit skjørt? Me får sjå.
Str. ca 42/44
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar