Translate

onsdag 4. september 2013

NYUTVIKLA veskemønster, med lang skulderreim






Førre onsdag var eg med på ein spanande dag på Luster vidaregåande skule.



Dei som går på Design og Handverkslinja skulle ha ein "redesign-dag", og eg blei spurd om å vera med:)
Eg laga då eit enkelt veskemønster, som skulle vera ein modell elevane kunne sjå etter, då dei skulle redesigna gamle klede til nye produkt.
Elevane hadde liten erfaring med symaskin og tekstilar frå før, så dei måtte ha ein del hjelp og rettleiing. Men det var ein veldig kjekk dag. Nokre av elevane sydde skjørt av gamle putetrekk og nokon sydde puter.

Veska er sydd av 4 deler (2 delar til framsida og 2 delar til fòr)










Den er vrangsydd, slik at saumane blir skjult. Opning i botn på fòret, som ein syr igjen til slutt.
Veska kan ha innerlommer og snor m/karabinkrok til nøkkelknippe. Dette må syast på før veska blir sydd saman.








Eg elskar vesker som ein kan ha på skrå over skuldra, slik at armane er "fri".

Eg har brukt vintage sengetøy og eit vintage forkle til å sy desse to veskene. Kjekt å skapa nye ting av gamle ting= R E D E S I G N:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar