Var på tur til Bergen i helga, og var innom Fretexbutikken både på Voss og i Bergen. Det er like spanande kvar gong om ein finn nokre "skattar". Denne gongen fann eg mange herlege stoff både av nyare og eldre dato:) Og både bomullsstoff og syntetiske "krimpelinstoff". Eg er alltid fornøgd når eg handlar på Fretex, for då veit eg at eg har bidrege til ei god sak.
Her ser du "stoff-skattane" eg fekk tak i denne gongen:) Eg fekk jammen mange meter stoff med meg heimatt:) Jipppiiii!!
Translate
mandag 16. mai 2011
Kan du tenkja deg eit meir sommarsleg skjørt enn dette???
Har kome fram til ein ny skjørtmodell. Skjørta er sydd doble, for at det skal få eit fint fall. Med andre ord eit bomullsstoff inni, som er klipt like stort som ytterskjørtet, saumar i sidene. kant nede med eit anna stoff, og ribb i livet. Veldig behageleg skjørt å ha på, det strammar ikkje:)
Her har eg sydd eit skjørt av eit vintagestoff med nydelege prestekragar og andre sommarblomar på. Baksida er eit gardinstoff frå 80 -talet.
Str S/M
Pris: 475,- + evt porto
Ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/
Her har eg sydd eit skjørt av eit vintagestoff med nydelege prestekragar og andre sommarblomar på. Baksida er eit gardinstoff frå 80 -talet.
Str S/M
Pris: 475,- + evt porto
Ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/
Jordbærskjørt til sommaren??
I dag har det vore ein travel dag, sjølv om eg har hatt fri frå jobb. Starta dagen kl. 7.30 med å laga 1 sjokoladekake og stryka 3 bunadskjorter. Reiste deretter på gartneriet og kjøpte plantejord og blomar til verandakassane. Då eg kom heimatt, planta eg ut blomane og baka ei kake til:) Så var det tid for luftetur med hunden og såååååå måtte eg berre sy litt, og då blei det jordbærskjørtet, som eg klipte til i går:) Her ser du skjørtet. Det berre ventar på å få koma ut:)))
Str. S/M
Pris: 475,- + evt porto
SOLGT!!
Str. S/M
Pris: 475,- + evt porto
SOLGT!!
tirsdag 10. mai 2011
Blomsterskjørt i beige:)
Då blei det eit sommarskjørt igjen, i beige. Dette er eit av stoffa eg fekk frå skulen (truleg eit gardinstoff i litt kraftig kvalitet) Artige kvite blomar som er sydd fast i stoffet. Eg sydde raud ribb i livet og applikerte på 3 rosa blomar framme og 1 bak på skjørtet. Sydde raud kontrastsaum nede på skjørtekanten.
Str. 42/44
Pris: 400,- + porto
SOLGT!!
Str. 42/44
Pris: 400,- + porto
SOLGT!!
Sommarskjørt til bursdagsjente:)
Guten min skulle i bursdag til ei venninne i barnehagen i går (på ein måndag), og eg hadde gløymt å ordna med gåve. Eg fann ut at då fekk eg sy noko, og det blei fort bestemt at eg ville sy eit sommarskjørt. Fann fram det nydelege gule blomestoffet eg berre har litt igjen av no:( og sydde skjørt i str ca 6år. Sydde raud ribb i livet, og ein raud kant med kvite blomar nederst på skjørtet. Applikerte på to raude blomar midt på skjørtet framme, og sydde på 2 grøne kroklisser til stilkar.
Syns skjørtet blei søtt, eg:)
Syns skjørtet blei søtt, eg:)
onsdag 4. mai 2011
Litt barnsleg sommarskjørt:)
I går kveld fann eg fram nok eit stoff som eg har fått gratis:) Ein liten stoffrest som akkurat passa til å laga sommarskjørt i 2 deler, av. Sydde raud ribb i livet og vips blei det eit skjørt i str M.
Str. M
Pris: 420 + evt porto
SOLGT!!
Str. M
Pris: 420 + evt porto
SOLGT!!
Sommarkjole med blomar og marihøner:)
Måtte berre prøva å sy ein kjole til i det nye mønsteret. Må endå justera litt før eg blir heilt fornøgd med mønsteret. Innsnitta blei ikkje heilt riktige, sjølv om eg prøvde undervegs i syprosessen. Denne gongen brukte eg fast bomullsstoff på bærestykket òg, det gjekk greitt. Men eg måtte laga 2 innsnitt i halspartiet, elles blei halsen så vid. Så som sagt modellen er under utprøving:) Men det er moro å prøva seg fram med å laga nye kjolemønster. Det gule blomestoffet er eit herleg retrostoff frå 70 talet, kjøpt på Epla.no Har sydd eit skjørt i same stoffet før. Det oransje stoffet med gull marihøner, er kjøpt på salg i min lokale stoffbutikk i Sogndal:)Ermene har fått løpegang og strikk i endane. Kjolen er kanta med oransje og raud stretch chenille med stjerner, frå Stof2000
Str L
Denne kjolen skal eg behalda sjølv, blir flott vår og sommarkjole:)
Str L
Denne kjolen skal eg behalda sjølv, blir flott vår og sommarkjole:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)










