Translate

onsdag 4. mai 2011

Sommarkjole med blomar og marihøner:)

Måtte berre prøva å sy ein kjole til i det nye mønsteret. Må endå justera litt før eg blir heilt fornøgd med mønsteret. Innsnitta blei ikkje heilt riktige, sjølv om eg prøvde undervegs i syprosessen. Denne gongen brukte eg fast bomullsstoff på bærestykket òg, det gjekk greitt. Men eg måtte laga 2 innsnitt i halspartiet, elles blei halsen så vid.  Så som sagt modellen er under utprøving:) Men det er moro å prøva seg fram med å laga nye kjolemønster. Det gule blomestoffet er eit herleg retrostoff frå 70 talet, kjøpt på Epla.no  Har sydd eit skjørt i same stoffet før. Det oransje stoffet med gull marihøner, er kjøpt på salg i min lokale stoffbutikk i Sogndal:)Ermene har fått løpegang og strikk i endane. Kjolen er kanta  med oransje og raud stretch chenille med stjerner,  frå Stof2000
Str L
Denne kjolen skal eg behalda sjølv, blir flott vår og sommarkjole:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar