Translate

fredag 29. april 2011

Ny modell i grått og blått:)

Får stadig nye idèar til kjolar, og i går kveld fann eg fram noko av stoffet eg fekk gratis her ein dag. Det var eit lys grått dongeriliknande bomulls stoff. Ville kombinera det med coboltblå stretch velour frå S&S. Har ein kjole som eg har kjøpt av ei anna sydame, og hadde lyst og laga ein liknande kjole. Brukte den kjolen som mønster, men endra halsen.  Neste gong eg syr ein slik kjole, vil eg laga eit mønster  før eg klipper i stoffet. No la eg berre den "gamle" kjolen oppå stoffet eg skulle laga ny kjole av, det blei litt klumpete. Eg laga innsnitt ved bysten, både innover og nedover.
Laga òg 2 innsnitt i ryggen for at kjolen skulle sitja finare på. Blei ganske fornøgd med resultatet, og kjem nok til å laga fleire kjolar i denne modellen, då gjerne i eit tynnare bomullsstoff.
Ermene er eit svart blondeliknande stoff frå S&S. Kjolen har fått sirklar i ulike storleikar plassert litt rundt omkring foran og bak:)
Halsen tykte eg i starten blei litt stor, difor sydde eg på ein brei strikk på baksida midt på halskanten framme, og då blei det betre med ein gong og det fekk ein fin rynkeeffekt.
Str. L

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar