Translate

onsdag 6. april 2011

Fridag=sydag:)

Onsdag er fridagen min og då brukar eg ofte dagen til å sy. I dag blei det redesignkjole til meg sjølv, trur eg:)
Hadde liggjande eit fotsidt 70 talsskjørt, som eg hadde kjøpt med tanke på redesign. Klipte skjørtet til slik eg ville ha det. Klipte så til ein ny kvit gensar, som skulle bli overdel på kjolen. Som mellomstykke brukte eg eit stykke av  ein topp med motiv av kvalar og båtar, då blei det endå meir maritimt preg over kjolen, og litt morsomare:) Brukte overlockmaskina for å sy saman delane.


Hadde lyst til å ha ei stjerne på brystet, men sidan overdelen ikkje var så stor at eg fekk plass til stjerna mi på midten, så tok eg den litt på snei (den skal vera slik, det er ikkje eg som byrjar å sjå skeivt:) Tada!!!! Så blei det jammen ny kjole i dag:)
Har òg fått tid til klippa eit par skjørt i nokre nydelege retrostoff, men dei skjørta er ikkje ferdige enno, så dei kjem eg tilbake til når dei er klare. De får venta i spenning:)

2 kommentarer:

  1. Kreative du!

    Eg trur eg må samle sammen litt ulike stoffer her og få dei avgarde til nokon som kan få litt meir glede av dei (les: deg). Interessert?

    SvarSlett
  2. Takk Oddrun, eg er veldig interessert i stoff, så eg tek gjerne imot:))

    SvarSlett