Translate

tirsdag 26. april 2011

"Dots and stripes"- redesignkjole

Denne kjolen blei ferdig i går og eg blei veldig fornøgd med den:)
Utgangspunktet var ein vintage bluse frå Fretex, ein kvit kjole med prikkar frå ei svunnen tid og ei grøn t-skjorte.
Her ser du resultatet etter litt klipping og fixings:) Sydde i to nye raude knappar på blusen, for å friska opp litt i det brune (dei var opprinneleg mørkbrune)
Beltet på kjolen, blei knytt om til slips, som  er laust og kan takast av og på:)
Kjolen er ikkje passeleg til meg, men forhåpentlegvis så er det nokon der ute som er str S og som har lyst på denne kule sommarkjolen.
Str. S
Pris: 650,-

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar