Translate

mandag 16. mai 2011

Kan du tenkja deg eit meir sommarsleg skjørt enn dette???

Har kome fram til ein ny skjørtmodell. Skjørta er sydd doble, for at det skal få eit fint fall. Med andre ord eit bomullsstoff inni, som er klipt  like stort som ytterskjørtet, saumar i sidene. kant nede med eit anna stoff, og ribb i livet. Veldig behageleg skjørt å ha på, det strammar ikkje:)
Her har eg sydd eit skjørt av eit vintagestoff med nydelege prestekragar og andre sommarblomar på. Baksida er eit gardinstoff frå 80 -talet.
Str S/M
Pris: 475,- + evt porto
Ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar