Translate

mandag 23. mai 2011

Redesignkjole= festkjole

Me var invitert i dåp til vesle Daniel i går, og sjølvsagt "måtte" eg ha ny kjole til den anledningen. Det blei ein redesignkjole, med blonder og "polkadots" . Utgangspunktet for denne kjolen var eit grønt krimpelinstoff med mørkeblåe prikkar (kjøpt på Epla.), ein polyestertopp med 3/4-lange ermer. Eg klipte vekk ermene på toppen, og sydde blondeermer på i staden. Kanta ermene med same stoff som skjørtedelen, for å få heilheit i kjolen. Skjørtedelen er fòra med polyesterjersey og kanta med blondestoffet som er på ermene. Blonden går litt nedom kanten. Kjolen har fått eit stjerne applikert framme på skjørtedelen. Midtdelen er lilla ribb frå Mg-tyger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar