Translate

tirsdag 10. mai 2011

Sommarskjørt til bursdagsjente:)

Guten min skulle i bursdag til ei venninne i barnehagen i går (på ein måndag), og eg hadde gløymt å ordna med gåve. Eg fann ut at då fekk eg sy noko, og det blei fort bestemt at eg ville sy eit sommarskjørt. Fann fram det nydelege gule blomestoffet eg berre har litt igjen av no:( og sydde skjørt i str ca 6år.  Sydde raud ribb i livet, og ein raud kant med kvite blomar nederst på skjørtet. Applikerte på to raude blomar midt på skjørtet framme, og sydde på 2 grøne kroklisser til stilkar.
Syns skjørtet blei søtt, eg:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar